Sundag 27. Mai 2018



Ole André Westerheim med den nye plata si, «Utanfor alt». Foto: Kjetil Rydland. 

Releasekonsert med Ole André Westerheim

Førstkomande laurdag blir det konsert med Ole André Westerheim på Arena på Stord. Med på konserten er i hovudsak dei same som var med og spelte inn plata «Utanfor alt». 


Som kjent gav Ole André Westerheim ut platealbumet «Utanfor alt» den 9. april, med blant anna singelen «Satan på veggen», som kom ut 1. februar. 

Dei andre involverte i innspelinga av plata er Alf Erik Fylkesnes (trommer, studioteknikar, produsent, miksing), Severin Vik (gitar), Øystein Heide Aadland (tangentar), Mathias Agdestein Steffensen (bass) og Ingrid Bergesen (kor).

Laurdag blir det releasekonsert i samband med platesleppet. Her blir dei same musikarane med, bortsett frå at Øystein Heide Aadland på tangentar blir erstatta av Dag Sleen, og i tillegg blir Synnøve Hagen Leseth med og syng. 

Alle artistane er frå Stord eller Fitjar, og med unntak av nemnde Dag Sleen er alle yngre enn Ole André. Den 26 år gamle artisten set pris på å presentera ein gjeng unge, lokale musikarar frå Stordøya. 

Ole André har laga tekst og melodi til alle låtane sine sjølv. Han synest det er lettast å uttrykkja seg på sit eige mål, og skriv på «kav» dialekt. Musikken er tradisjonell pop og rock, og alt er gjort ekte. Alt er spelt inn live, der og då, i løpet av ei helg i Etne. Ein av låtane, «Jenta i varmen», har ikkje blitt spelt offentleg før. 

Plata vil bli å få kjøpt på laurdagens konserten. Ole André fortel elles at han tar imot bestilling og leverer på døra til folk her på øya, eller sender i posten. Du kan òg høyra plata via streamingtenester. 

Her kan Ole André følgja med på kor mange som høyrer på plata hans, og litt om kven dei er. Han har lyttarar i heile 30 land, men hovudtyngda er i Oslo-området og er mellom 30 og 50 år. Han legg til at han synest det er litt underleg at han har fleire lyttarar i Finland enn i Sagvåg!

Å bli høyrt av mange på streamingtenester er det ikkje mykje økonomi i, vedgår Ole André, men det hjelper til å få spreidd musikken. Artistar tener meir på å spela live, og det er derfor mange artistar turnerer meir enn før, meiner han. 

Den lokale plateartisten vår frå Fiskaneset i Dåfjorden lovar ein utruleg triveleg kveld på Arena med fleire overraskingar og sjølvsagt ein skikkelig releasefest etterpå. Dørene opnar kl. 21.00, og han reknar med at konserten startar rundt kl. 21.30. Dei frammøtte skal sjølvsagt få oppleva «Utanfor alt» i sin heiskap, lovar han, og i tillegg mange andre favorittar, kanskje til og med noko Queen. 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ikkje drep hoggormen!

25.05.2018 Kjetil Rydland

I dag hadde denne stakkars hoggormen kome fram i sola og mist livet. Foto: Kjetil Rydland. Ikkje drep hoggormen! I ettermiddag låg ein død hoggorm på traktorvegen frå Dalshaugane opp mot Tveitakleivo...

Les meir ...

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyn…

25.05.2018 Jonas

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyning» Laurdag inviterer Fitjar kulturskule, saman med dei andre kommunane i Sunnhordland, til «Dei unges festspelframsyning» i kinosalen i Stord kulturhus.

Les meir ...

Både Drønen og Lydersen på søkjarlista

25.05.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen vil bli sokneprest i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. Både Drønen og Lydersen på søkjarlista Då søknadsfristen gjekk ut denne veka, var både fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen og tidlegare Fitjar-prest Roald Drønen...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Legg ny straumkabel

26.05.2018 Kjetil Rydland

Her blir det lysregulering framover, til arbeidet med straumkabelen frå bedehuset til Rimbareid er ferdig. Foto: Kjetil Rydland. Legg ny straumkabel I desse dagar legg Fitjar Kraftlag ned ny straumkabel mellom Fitjar...

Les meir ...
annonse