Sundag 27. Mai 2018



Stian Helland har topp utstyr; her tar han inn eit bilete i datamaskinen sin og gjer det klart til utskrift på den store UV-printeren. Foto: Kjetil Rydland. 

Helland CNC: Topp utstyr og print som lidenskap

Vegg i vegg med Carfix på Fitjar har Stian Helland etablert seg med ein topp moderne verkstad som kan produsera det meste innan gravering, skilting og profilering i perfekt kvalitet. 

 

Om du til dømes har bruk for reklameskilt, plastskilt, freste instrumentpanel, profilklede, arbeidsklede eller reklame- og gåveartiklar, veit me kor du kan gå.

I verkstaden sin ved YX-bensinstasjonen har Stian Helland etablert seg med topp moderne verkstad. Her kan han produsera alt du har bruk for i perfekt kvalitet med det beste utstyret som er å finna på marknaden. 

 

Alt innan print, skilting, gravering og industridesign

Print er lidenskapen min! seier Stian Helland og smiler, det er det eg har lyst å bala med! Og legg til at han alltid har vore interessert i teknikk.

I verkstaden hans får til dømes Midtfjellet Vindkraft produsert skilta sine, og Fitjar Mekaniske Verksted frest ut instrumentpanel. Også andre større og mindre kundar har oppdaga det vesle enkeltpersonføretaket til Stian Helland.

Blant utstyret er ein graveringsmaskin som graverer dei fleste materiale med ein nøyaktighet på 0,01 mm. Han har og ein lasergraveringsmaskin som kan gravera rustfritt, aluminium, messing og plast. 

Med den automatiske varmepressa kan han overføra folie til profilklede; her kan han nytta ulik slags folie som til dømes einsfarga, refleks eller printa folie. Helland CNC bruker også folie til å laga skilt og logoar til merking av maskinar og utstyr.

Med den store OCE Arizona UV flatbed-printeren sin kan Stian printa alt mogeleg, på nesten alle tenkelege materiale. Her lagar han plakatar, skilt, banner, bilde til innandørs eller utandørs bruk. Eit godt døme han viser oss, er eit kart som han har fått avtale med Kartverket om å printa til veggpryd. 

– Så vidt eg veit, er dette den einaste printeren i sitt slag på Stord, legg han til. 

Han fekk eit godt tilbod frå Canon, og kan gi gode prisar på bilde i all slags materiale. Stian demonstrerer printeren med å skriva ut eit stort naturbilete på børsta aluminium, og resultatet er imponerande. 

 

CNC – Computer Numerical Control

Stian har kalla føretaket sitt Helland CNC, dei tre siste bokstavane står for Computer Numerical Control. Ifølgje Wikipedia er Computer numerical control (CNC) engelsk for datamaskinbasert numerisk styring, som handlar om maskinar som ved hjelp av ein datamaskin kan laga mange like og komplekse delar i metall eller andre materiale.

CNC blir ofte brukt for å styra sveisemaskinar, fresar, bor og sliparar i mekaniske verkstader, men er også brukt ved for eksempel mønsterkortproduksjon og gravering. 

 

Framleis i full jobb – men har folk som steppar inn

Stian Helland er utdanna automatikar og arbeider offshore, som serviceingeniør for MH Wirth. Det betyr at han er vekke på jobb fleire veker om gongen, men han er nok meir heime enn han er borte.

Og det skal vera folk å treffa når han er borte òg. Even Helland, bror til Stian, er lært opp og steppar inn når det trengst. 

I tillegg vil Stian læra opp ein mann som i første omgang vil hjelpa han å profilera bilar og operera printeren. På sikt vil nok han kunna gjera anna arbeid i tillegg. 

Førebels driv Stian eit enkeltpersonføretak, men etter kvart vil han gå over til aksjeselskap. 



Håper det kan bli eit levebrød

– Det er framleis ein hobby, seier Stian Helland, iallfall til nokon seier noko anna!

Stian håpar at det kan bli eit levebrød med tida. Han fortel at han skreiv ut sin første faktura i 2012, og etter det har omsetninga stige jamt og trutt. Alt han har tent, har gått til investering i nytt utstyr. Og det skal ikkje stå på utstyret:

– Utstyret begynner å bli bra! konstaterer ein fornøgd Stian Helland, som gjerne tar imot fleire kundar, både private og bedrifter. 

 


Og her styrer han den store printeren. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 


Fitjar Mekaniske Verksted er ein god kunde på slike. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Her printar den store UV-printeren naturbilete på børsta aluminium. Imponerande! Foto: Kjetil Rydland. 

 

 


Om du vil, kan du få Helland CNC til å gjera bilen din like fin som utleigebilen til Carfix! Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ikkje drep hoggormen!

25.05.2018 Kjetil Rydland

I dag hadde denne stakkars hoggormen kome fram i sola og mist livet. Foto: Kjetil Rydland. Ikkje drep hoggormen! I ettermiddag låg ein død hoggorm på traktorvegen frå Dalshaugane opp mot Tveitakleivo...

Les meir ...

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyn…

25.05.2018 Jonas

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyning» Laurdag inviterer Fitjar kulturskule, saman med dei andre kommunane i Sunnhordland, til «Dei unges festspelframsyning» i kinosalen i Stord kulturhus.

Les meir ...

Både Drønen og Lydersen på søkjarlista

25.05.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen vil bli sokneprest i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. Både Drønen og Lydersen på søkjarlista Då søknadsfristen gjekk ut denne veka, var både fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen og tidlegare Fitjar-prest Roald Drønen...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Legg ny straumkabel

26.05.2018 Kjetil Rydland

Her blir det lysregulering framover, til arbeidet med straumkabelen frå bedehuset til Rimbareid er ferdig. Foto: Kjetil Rydland. Legg ny straumkabel I desse dagar legg Fitjar Kraftlag ned ny straumkabel mellom Fitjar...

Les meir ...
annonse