Sundag 27. Mai 2018


Fitjarbuen må betale 1800 meir for breiband enn dei som bur sør på øya

Elverksjef Håvard Singelstad i Fitjar Kraftlag forsvarar høge breibandprisar med spreidt busetnad. Foto: Fitjar kraftlag

Spreidt busetnad gjer at fiberbreiband frå Fitjar Kraftlag er langt dyrare enn for dei som får breibandet gjennom Haugaland Kraft.

Bur du i Fitjar og vel det billigaste breibandet utan TV frå Altibox gjennom Fitjar Kraftlag, kostar det 1800 kroner meir i året enn tilsvarande pris frå Haugaland Kraft. Det skriv Haugesunds Avis.

– Fitjar er eit område der det er avstand mellom kvar einaste kunde, og det er mange kundar som har lang tilførsel. Kostnadane med utbygging, drift og vedlikehald blir då høg per kunde, forklarar elverksjef i Fitjar Kraftlag, Håvard Singelstad til avisa.

Dersom ein tek med TV, blir ikkje forskjellane like store. Då vil kundane på Fitjar betale 360 kroner meir i året enn dei andre kundane på Haugalandet og i Sunnhordland.

Sjølv om fitjarbuen betalar svært mykje for breiband samanlikna med kommunane i regionen, er forskjellane endå større dersom ein samanliknar med Bergen og Stavanger.

Lyse i Stavanger tilbyr Fiber-breiband med hastigheiten 80/80 Mbps for 6.936 kroner i året. Det er nesten tusen kroner meir enn tilsvarande hastigheit frå Haugaland Kraft tilbyr, med 7.788 kroner i året.

Kommunikasjonsdirektør Gunn Margareth Lassesen i Haugaland Kraft seier til avisa at dei høge prisande skuldast spreidt busetnad i dekningsfeltet til Haugaland Kraft, som strekkjer seg frå Sauda i aust til Utsira i vest og til Austevoll i nord.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ikkje drep hoggormen!

25.05.2018 Kjetil Rydland

I dag hadde denne stakkars hoggormen kome fram i sola og mist livet. Foto: Kjetil Rydland. Ikkje drep hoggormen! I ettermiddag låg ein død hoggorm på traktorvegen frå Dalshaugane opp mot Tveitakleivo...

Les meir ...

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyn…

25.05.2018 Jonas

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyning» Laurdag inviterer Fitjar kulturskule, saman med dei andre kommunane i Sunnhordland, til «Dei unges festspelframsyning» i kinosalen i Stord kulturhus.

Les meir ...

Både Drønen og Lydersen på søkjarlista

25.05.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen vil bli sokneprest i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. Både Drønen og Lydersen på søkjarlista Då søknadsfristen gjekk ut denne veka, var både fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen og tidlegare Fitjar-prest Roald Drønen...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Legg ny straumkabel

26.05.2018 Kjetil Rydland

Her blir det lysregulering framover, til arbeidet med straumkabelen frå bedehuset til Rimbareid er ferdig. Foto: Kjetil Rydland. Legg ny straumkabel I desse dagar legg Fitjar Kraftlag ned ny straumkabel mellom Fitjar...

Les meir ...
annonse