Torsdag 26. April 2018



Lovlydige menn brenner bråte i Moahangen siste dagen det var lov i vår. Foto: Kjetil Rydland.

Forbod mot å brenna bål

Norsk Friluftsliv minner om at det frå 15. april til 15. september er forbode å gjera opp eld nær skog og i all anna utmark utan løyve frå kommunen.

 

I 2016 kom det nye regler som opnar for at du sjølv kan vurdera om det er trygt å tenna bål eller ikkje. 

 

Nye reglar opnar for eigenvurdering

Bålforbudet blei i 2016 utvida frå å berre gjelda i og rundt skogsmark, til å gjelda i ALL utmark.

Samtidig seier dei nye reglane at du likevel kan tenna bål der det openbert ikkje kan medføra brannfare – det er lov å bruke hovudet, men det krev stor grad av aktsemd, sier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv, ein paraplyorganisasjon for 16 norske friluftslivsorganisasjonar.

 

Bålet – ein viktig del av friluftslivet

I Noreg er bålet sjølve symbolet på friluftslivet og er ein viktig del av allemannsretten. Å samlast rundt eit bål er ein viktig del av vår kultur – sjølv om det er restriksjonar på båltenning store delar av året.

– Allemannsretten gir oss lov til å gjere opp eld i naturen. Men ikkje kor som helst, og ikkje når som helst. Retten til å tenna bål er regulert av Forskrift om brannforebygging, seier Lasse Heimdal. 

 

Kva betyr dei nye reglene i praksis?

«Dobbeltheten» i dei nye reglane kan vera forvirrande. Bålforbodet trer framleis i kraft 15. april og varer til 15. september, og er utvida til å gjelda ALL utmark. Forbodet omfattar dermed snaufjell, holmar og strandområde. Det betyr at det eigentleg er ulovleg å tenna bål i fjæra, på skitur eller ved eit vatn i skogen.

– Men samtidig opnar den nye forskrifta for at ein kan bruka hovudet og likevel tenna bål – dersom det openbart ikkje kan medføra brannfare, for eksempel på snø eller når det har regna mykje. 

Selv om de nye reglene kan være forvirrande, er bodskapen frå Norsk Friluftsliv enkel:

– Vi oppfordrar det norske folk til å nyta våren og sommaren med mykje friluftsliv – men ønskjer du å tenna bål, er det viktig å vita kva reglar som gjeld. 

 

Les reglane i forskrifta

Forbodet mot å brenna bål går fram av «Forskrift om brannforebygging», som gjeld frå 1. januar 2016. Heile forskrifta kan du lesa på Lovdata.no. Brannvernforeininga sine kommentarar til «Forskrift om brannforebygging» kan du lesa på heimesida til Fitjar kommune.

På nettstaden skogensbrannvoktere.no finn du enkle reglar for trygg bruk av eld i skogen.

Me oppmodar publikum om å følgja reglane, og minner om at det kan vera lurt å ta ein telefon til brannvesenet på førehand dersom du har planar om å fyra opp bål.

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Releasekonsert med Ole André Westerheim

25.04.2018 Kjetil Rydland

Ole André Westerheim med den nye plata si, «Utanfor alt». Foto: Kjetil Rydland.  Releasekonsert med Ole André Westerheim Førstkomande laurdag blir det konsert med Ole André Westerheim på Arena på Stord. Med på...

Les meir ...

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag

25.04.2018 Harald Johan Sandvik

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag Atle Tornes overrekte kommunen sitt stempel til Olaug Haugen.

Les meir ...

Takk for maten!

25.04.2018 Kjetil Rydland

Eva Fjeldstad med "Takk for maten! Boka som tarmen din har ventet på".  Takk for maten! Førstkomande fredag vil Eva Fjeldstad halda foredrag i Fitjar kultur- og idrettsbygg om boka si, “Takk...

Les meir ...
annonse

Kulturskulekonsert på Rimbareid skule

25.04.2018 Kjetil Rydland

Populære lærarar i Fitjar kulturskule, f.v. Ole André Westerheim, rektor Håvard Kroka, Jone Foldøy Grutle og Rune Nesse. Foto: Kjetil Rydland.  Kulturskulekonsert på Rimbareid skule Ein stor del av ungdommane i Fitjar...

Les meir ...

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar…

25.04.2018 Jonas Sætre

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar kommune Ein revisjon frå Deloitte syner at Fitjar kommune har store manglar i måten dei handsamar sensitive personopplysningar på.

Les meir ...

Bremnesingane var litt for sterke

24.04.2018 Kjetil Rydland

Jens Ragnar Helland scora det einaste målet for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Bremnesingane var litt for sterke Bremnes 2 vann 4-1 over Fitjar i ein kamp i 13-årsklassen på kunstgraset vårt i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


– Stress er ikkje farleg!

26.04.2018 Kjetil Rydland

Her trødde Bjarte Stubhaug sine barnesko, i vår er han tilbake med stressmeistring for elevane på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland. – Stress er ikkje farleg! Rimbareid skule har dette semesteret hatt...

Les meir ...
annonse