Torsdag 26. April 2018



Her kan du få digital postkasse (Skjermdump Posten Norge AS). 

Ta imot posten din digitalt!

Fitjar kommune ønskjer å senda all korrespondanse digitalt, og oppmodar alle innbyggjarane til å oppretta digital postkasse og opna posten sin der.

 

Nesten 1,8 millionar nordmenn brukar i dag digital postkasse og får dermed post frå kommunen og andre offentlege etatar digitalt i staden for på papir. Fitjar kommune har vore digital kommune sidan 2016, og vil gjerne senda all posten til den digitale postkassen din.

Ikkja alle fitjarbuar har skaffa seg digital postkasse enno, og ikkje alle har opna den digitale posten dei har fått frå Fitjar kommune. Ordførar Wenche Tislevoll minner om at det er fleire gode grunnar til å nytta digital post.

For det første sparer me pengar til porto, pengar som kan nyttast til andre gode formål. Og så er det miljøvennleg å ikkje bruka papir. 

Dessutan er det praktisk for innbyggjarane; det går mykje kjappare. Du kan opna brevet ditt berre sekundar etter at kommunen har sendt det. Du får melding på mobilen din eller på e-post om at du har fått eit digitalt brev.

– Og så ligg breva dine der som i eit arkiv, du slepp å gå i kjellaren og leita etter 2017-permen, smiler ordføraren.

Wenche Tislevoll ønskjer og at flest mogleg registrerer seg med e-faktura i banken. – Det er berre ein vane, seier ho, og slett ikkje vanskeleg. 

– Dropp papir, spar miljøet og hjelp oss å spara porto, seire ordføraren, som minner at det er fort gjort å skaffa seg sin eigen digitale postkasse:

Gå inn på nettstaden norge.no.

• Vel «Digital postkasse»
• Finn fram den elektroniske ID-en din (e-ID), for eksempel din BankID
• Vel enten Digipost eller e-Boks

Følg instruksjonane frå e-Boks eller Digipost for å oppretta postkasse.

Om du lurer på noko, kan du ta kontakt med Fitjar kommune på kundetorget, der er dei meir enn villige til å hjelpa, stadfestar Bente Fitjar og Kristin Meland.

Så elles lenkja Lag din eigen digitale postkasse på Fitjar kommune sine nettsider. 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Releasekonsert med Ole André Westerheim

25.04.2018 Kjetil Rydland

Ole André Westerheim med den nye plata si, «Utanfor alt». Foto: Kjetil Rydland.  Releasekonsert med Ole André Westerheim Førstkomande laurdag blir det konsert med Ole André Westerheim på Arena på Stord. Med på...

Les meir ...

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag

25.04.2018 Harald Johan Sandvik

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag Atle Tornes overrekte kommunen sitt stempel til Olaug Haugen.

Les meir ...

Takk for maten!

25.04.2018 Kjetil Rydland

Eva Fjeldstad med "Takk for maten! Boka som tarmen din har ventet på".  Takk for maten! Førstkomande fredag vil Eva Fjeldstad halda foredrag i Fitjar kultur- og idrettsbygg om boka si, “Takk...

Les meir ...
annonse

Kulturskulekonsert på Rimbareid skule

25.04.2018 Kjetil Rydland

Populære lærarar i Fitjar kulturskule, f.v. Ole André Westerheim, rektor Håvard Kroka, Jone Foldøy Grutle og Rune Nesse. Foto: Kjetil Rydland.  Kulturskulekonsert på Rimbareid skule Ein stor del av ungdommane i Fitjar...

Les meir ...

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar…

25.04.2018 Jonas Sætre

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar kommune Ein revisjon frå Deloitte syner at Fitjar kommune har store manglar i måten dei handsamar sensitive personopplysningar på.

Les meir ...

Bremnesingane var litt for sterke

24.04.2018 Kjetil Rydland

Jens Ragnar Helland scora det einaste målet for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Bremnesingane var litt for sterke Bremnes 2 vann 4-1 over Fitjar i ein kamp i 13-årsklassen på kunstgraset vårt i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


– Stress er ikkje farleg!

26.04.2018 Kjetil Rydland

Her trødde Bjarte Stubhaug sine barnesko, i vår er han tilbake med stressmeistring for elevane på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland. – Stress er ikkje farleg! Rimbareid skule har dette semesteret hatt...

Les meir ...
annonse