Tirsdag 17. Juli 2018



Glade gutar som liker seg på Longøyo i allslags vêr, Håkon Rydland Sæbø tv. og Bård Inge Bø. Foto: FP-arkiv/KR. 

Årsmøte i Venelaget for Longøyo

Frammøtet på årsmøtet i Venelaget for Longøyo var ikkje overveldande, men entusiastane som kom, kunne gle seg over ei årsmelding som bar bod om god aktivitet.


Bård Inge Bø konstaterer at dei har fått utretta ein god del siste året, sjølv om dei synest ting går litt seint av og til. Han var med og losa gårsdagens årsmøte i hamn, saman med ei anna eldsjel, Toralv Røen, som var møteleiar.

Gjennomgang av økonomien viser ein sunn pengebruk. Av årsmeldinga går det fram at aktiviteten i 2017 har vore god. Problemet er at dei er litt for få som er skikkeleg engasjerte, og det er ei utfordring å få fleire med på dugnad. Det var likevel bra med folk som rydda i stranda, og på den største dugnaden bar 15-20 deltakarar skifer.

Av årsmeldinga går det elles fram at det har vore mykje moro og arbeid på Longøyo i løpet av fjoråret. Bård Inge og Håkon var ute ein laurdag og rydda fram kjelda, som ligg nord for løa, oppe på eit platå som strekkjer seg ned mot Nordre Langøyvågen. Tormod Båtstad fekk lagt nytt tak på eldhuset, verkeleg ei flott arbeid.

Bård Inge Sørfonn sette opp fundament til flytebrygge, og den blei montert og sikra i slutten av mai. Toralv Røen har brydda med ryddesag i eplehagen.

St. Hans-feiring har blitt ein tradisjon på Longøyo, og ni friskusar trassa det dårlege vêret og tok turen. Elles har mange brukt Longøyo i ferien, og styret konstaterer at stiane bør gjerast eigna for småsko!

Toralv Røen har fått seg ei prat med Anna Oline Engen, dotter til Abraham. Ho er takksam for at nokon vil ta vare på plassen. Ho melder at ho er veldig fornøgd med alt som blir gjort på Longøya, der ho vaks opp.

På årsmøtet i går blei Håkon Rydland Sæbø attvald som leiar. Med seg i styret får han Bård Inge Bø, Marit Digernes og Kjetil Hjelle, som er ny. Ut av styrer går Geir Ingolf Strand, som går over til å bli valnemnd.

– Neste dugnad vert på palmelaurdag, 24. mars, fortel eldsjel Bård Inge Bø til Fitjarposten, då skal vi prøve å få svidd lyng, rydda brakje og laga stiar på det nordvestre neset, og slå veikjegras. Ei anna oppgåve som er nært føreståande, er å lage benker i eldhuset, og legge drensrøyr og rydde i notabua. Dugnaden vert publisert på Facebook.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...
annonse
annonse

Torstein med «Team Yaristan» til Mongoli…

13.07.2018 Kjetil Rydland

Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo i dag. Foto: Privat. Torstein med «Team Yaristan» til Mongolia! Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal...

Les meir ...

Skittsak for Kulturhuset!

13.07.2018 Kjetil Rydland

Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Skittsak for Kulturhuset! Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og...

Les meir ...

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No…

12.07.2018 Jonas Sætre

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No ser eg veldig lyst på framtida og på livet For snart to år sidan fekk Karina Haaland frå Fitjar beskjeden om at ho fekk...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...
annonse