Fredag 22. Juni 2018


 
Gisle Børge Styve Trio til opptrer i Fitjar denne veka. 

Gisle Børge Styve Trio til Fitjar

Førstkomande torsdag vert det konsert med Gisle Børge Styve Trio i Fitjar kultur- og Idrettsbygg.

 

Det er dagleg leiar i Fitjar Kultur- og idrettsbygg, Ole Bergesen, som skriv dette i ei pressemelfing.

Gisle Børge Styve Trio består av Gisle Børge Styve (piano, song, ukulele), Per Willy Aaserud (trompet, kor, melodika) og Helge Harstad (bass, kor).

Trioen gav ut albumet "Here right now" hausten 2012. Plata inneheld originalkomposisjonar av Gisle Børge Styve og spennande coverversjonar av låtar frå artistane Nik Kershaw, Paul McCartney, Nick Drake, Ian Hunter, Paul Simon, Salem al Fakir, Genesis og Rolling Stones.  

Gisle Børge Styve Trio har eksistert med same besetning sidan 1998, og gav i 2002 ut den første plata si ”Styves Ark”, ei plate blei relansert i Japan i 2011!. Gruppa kan visa til eit utal opptredenar over heile landet, på store og små festivalar, kulturhus, klubbar og lukka arrangement. 

"Trioens fabelaktige evne til å kommunisere med publikum og skape god stemning", blir trekt fram i omtalane av konsertane. 

Og torsdag kveld er turen komen til fitjarbuen. Då kan me oppleva Geir Børge Styve Trio i Kulturslen, Fitjar kultur- og idrettsbygg!

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...
annonse
annonse

Samisk dag på Selevik skule

20.06.2018 Kjetil Rydland

Elevane har sett opp lavvoane, og Colin Alexander Peitisch viser at han har godt tak på lassoen. Foto: Kjetil Rydland.  Samisk dag på Selevik skule Friluftsrådet Vest skipa til "Samisk dag" for...

Les meir ...

Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødsl…

20.06.2018 Kjetil Rydland

Eigenutvikla nødslaktefartøy skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted.  Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødslaktefartøy Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla...

Les meir ...

Variert haust med Temakveldgruppa i Fitj…

19.06.2018 Kjetil Rydland

Alverflaten Jazzband med konsert i Fitjar kyrkje under Fitjarfestivalen 9. august.  Variert haust med Temakveldgruppa i Fitjar kyrkje Haustprogrammet for temakveldene i Fitjar kyrkje er klart, skriv Eli Simonsen, som kan lova ein...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...
annonse