Fredag 22. Juni 2018



Montør Helena Vikse slår på straumen etter å ha installert den nye straummålaren i kjellaren til Wenche Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland.

Kraftlaget skiftar til digitale straummålarar

I går starta Fitjar Kraftlag utrullinga av dei nye, digitale straummålarane, og begynte hos ordførar Wenche Tislevoll i Koløyo.

 

Den første utskiftinga til ny, digital straummålar i Fitjar fann stad i kjellaren til ordførar Wenche Tislevoll i går føremiddag. Det er allereie installert fleire nye målarar i Kråko og i Rossneset, men ordføraren sitt hus var det første der den gamle målaren blei skifta ut. 



2400 målarar skal skiftast

Den som stod for sjølve jobben var montør Helena Vikse, som kopla frå straumen, skifta ut den gamle måleren og sett på plass den nye AMS-målaren. Med seg hadde ho driftsingeniør Marius Onarheim frå Fitjar Kraftlag.. 

I tillegg hadde dei dei med Espen Nordtveit, som er innleigd på prosjektet AMS-utrulling fram til hausten, når alle dei nye målarane er på plass. Han har jobba med det same systemet i Suldal, og kjenner det godt frå før. 

Fitjar Kraftlag har valt det same systemet som 26 andre straumselskap på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Norge, med totalt 750 000 målarar. BKK, Finnås Kraftlag og dei andre selskapa i vår region er med i dette samarbeidet, og har organisert seg i SORIA-nettverket.

I Fitjar er det 2400 straummålarar som skal skiftast, i perioden mars til juli, fortel Marius Onarheim. Dei nye målarane skal kommunisera via 31 sendestasjonar i konsesjonsområdet til Fitjar Kraftlag, som også omfattar Brandasund. 



Brev med tid for utskifting av målar

Me vil få brev med dato for kor tid montøren har tenkt å koma heim til deg og skifta målar. – Send stadfesting på denne, seier Onarheim viss ikkje sender me SMS-melding. Montør Helena Vikse minner om at det må vera vaksne folk heime, for at ho kan gå inn og gjera jobben. Vaksne i denne samanhengen er 16 år, fortel ho. 

 

Måler og sender forbruket automatisk

Etter at Wenche Tislevoll har fått installert ny straummålar i går, vil ho ikkje lenger få SMS med beskjed om å lesa av målarstanden. Driftsingeniør Onarheim minner likevel om at alle som får SMS, skal lesa av målarstande som normalt. 

Straumforbrukarane vil heretter få tilsendt rekning automatisk utan å føreta seg noko. Men me kan kontrollesa sjølve på målaren. 

 

Digitalisert framtid

Ordførar Wenche Tislevoll har sjølvsagt fått med seg skepsisen mot dei nye målarane, som kan «overvåka» oss i heimane våre. Men ho har slege seg til ro med at det ikkje er nokon veg tilbake. – Me kan ikkje godt logga oss av, meiner ho, framtida er digitalisert. 

 

Fakta om AMS

Avanserte måle- og styresystem

Gjer slutt på målaravlesing, på sikt

Gir meir nøyaktig oversikt over straumforbruket

Gir snarare beskjed ved feil

Pålegg frå Norges vassdrags- og energidirektorat NVE

Svar på spørsmål om den nye straummålaren finn du på denne linken til Fitjar Kraftlag

 


Driftsingeniør Marius Onarheim med blomar til ordførar Wenche Tislevoll, t.h. montør Helena Vikse frå OneCo med ein straummålar av den nye typen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Og no veit me kva denne bilen gjer på, han er med og installerer nye straummålarar. Foto: Kjetil Rydland.  

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...
annonse
annonse

Samisk dag på Selevik skule

20.06.2018 Kjetil Rydland

Elevane har sett opp lavvoane, og Colin Alexander Peitisch viser at han har godt tak på lassoen. Foto: Kjetil Rydland.  Samisk dag på Selevik skule Friluftsrådet Vest skipa til "Samisk dag" for...

Les meir ...

Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødsl…

20.06.2018 Kjetil Rydland

Eigenutvikla nødslaktefartøy skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted.  Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødslaktefartøy Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla...

Les meir ...

Variert haust med Temakveldgruppa i Fitj…

19.06.2018 Kjetil Rydland

Alverflaten Jazzband med konsert i Fitjar kyrkje under Fitjarfestivalen 9. august.  Variert haust med Temakveldgruppa i Fitjar kyrkje Haustprogrammet for temakveldene i Fitjar kyrkje er klart, skriv Eli Simonsen, som kan lova ein...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...
annonse