Fredag 22. Juni 2018



Hans Kobberstd på fiolin, Harald Rydland på trøorgel og Gurid Refvik syng i daglegstova på Fitjar bu- og behandlingssenter. Foto: Kjetil Rydland. 

Kjende tonar på sjukeheimen

Vel eit dusin bebuarar fekk eit kjærkome gjenhøyr med kjende tonar under huskonserten på Fitjar bu- og behandlingssenter måndag ettermiddag.

 

Musikantane blei tekne godt imot i stova på sjukeheimen i ettermiddag, og ei samling bebuarar fekk eit populært avbrot i kvardagen. Harald Rydland spelte på eit mobilt trøorgel, Hans Kobberstad på fela si, og Gurid Refvik var vokalist på songar som dei gamle kjende godt. 

 


Elisabeth Rydland deltar for fullt i allsongen i "Den fyrste song". Foto: Kjetil Rydland. 

 

På menyen hadde dei glade musikantane eit par religiøse folketonar og fleire andre kjende tonar, som til dømes "Eg gjette tulla", "Den fyrste song" og "Å, vesle Kari". Det blei òg plass til folketonen "Om kvelden når det mørkner", frå Hornindal, heimstaden til fiolinist Hans Kobberstad. 

Etter ein god halvtime med vakre ord og tonar song forsamlinga "No livnar det i lundar". Og då var dei fleste med – det var tydeleg at dei sette pris på dei gamle songane som me alle kjenner frå skulen.

Då Harald Rydland fekk blomar for innsatsen, lova han å koma snart igjen. Han fortel at dei kjem innom sjukeheimen rundt fire gonger i året, og det er alltid ei kjekk stund. Det kunne fleire av bebuarane bekrefta – dette var kjempefint, var omkvedet.

Bente Volden Mjønes minner om at dei held basar på Fitjar Fjordhotell onsdag 21. mars; inntekta går til trivselstiltak på Fitjar bu- og behandlingssenter. Ho lokkar med kaffi og kake, musikk og allsong, og ikkje minst høve til å kjøpa lodd på fine gevinstar. 

 


Bente Volden Mjønes og Elisabeth Rydland med ein del av gevinstane til basaren neste onsdag. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...
annonse
annonse

Samisk dag på Selevik skule

20.06.2018 Kjetil Rydland

Elevane har sett opp lavvoane, og Colin Alexander Peitisch viser at han har godt tak på lassoen. Foto: Kjetil Rydland.  Samisk dag på Selevik skule Friluftsrådet Vest skipa til "Samisk dag" for...

Les meir ...

Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødsl…

20.06.2018 Kjetil Rydland

Eigenutvikla nødslaktefartøy skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted.  Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødslaktefartøy Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla...

Les meir ...

Variert haust med Temakveldgruppa i Fitj…

19.06.2018 Kjetil Rydland

Alverflaten Jazzband med konsert i Fitjar kyrkje under Fitjarfestivalen 9. august.  Variert haust med Temakveldgruppa i Fitjar kyrkje Haustprogrammet for temakveldene i Fitjar kyrkje er klart, skriv Eli Simonsen, som kan lova ein...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...
annonse