Sagde seg på motorsag på Fitjar

En 24 år gammel mann er sendt til legevakta etter at han skada seg med en motorsag under ei arbeidsulukke på Fitjar.

Det var ein tilsett i Fitjar Kraftlag som skada seg med ein motosag ved onsdag føremiddag. Politiet fekk melding om hendinga i 10.30-tida.

- Ein patrulje har vore i kontakt med den skadde, og han blir transportert vidare til sjukehus for nærmare undersøkingar. Arbeidsgivaren har varsla Arbeidstilsynet, og politiet vurderer å opprette sak på hendinga, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Operasjonsleiaren i politiet opplyser at mannen sagde seg sjølv i foten med motorsagen. Det skal ikkje vere snakk om alvorlege skader.

- Det er ein mann som har sagd seg i foten med motosag. Ulukka skjedde under arbeid på Koløyholmen i Fitjar kommune, opplyser operasjonsleiaren til Radio Haugaland.

Elverksjef i Fitjar Kraftlag, Håvard Singelstad, seier at ulukka ikkje er så alvorleg som det kan høyres ut.

- Det høyres voldsomt ut med motorsagulukke men i dette tilfellet var det ei lita skade. Mannen har fått ein mindre kuttskade. Det blir jo fort eit kjøttsår når det er motorsag involvert, og han er lagt inn på sjukehuset for å vere sikker på at det ikkje er meir alvorleg.

- Kva vil de gjere for å følgje opp hendinga?

- Så langt er me ikkje komen. Det vil me vurdere når me finn ut kor alvorleg dette er.