Fitjar Mekaniske skal bygge ny båt for reiarlag frå Bømlo

– Napier gler seg over å kome i gang med endå eit nybyggingsprosjekt på Fitjar og forsterke den offensive satsinga på prosessbåtar.

I fjor sommar teikna Fitjar Mekaniske Verkstad kontrakt med det Bømlo-baserte reiarlaget Napierfor bygging av ein prosessbåt, med opsjon på endå ein båt.

Allereie no er det klart at opsjonen har materialisert seg i ein ny kontrakt på ein tilsvarande prosessbåt.

– Me er stolte av å få vera med på å bidra til vidareutvikling av ein av våre viktigaste næringar. Me ser fram til å halda fram med samarbeidet med både Napier og Heimli, skriv Fitjar Mekaniske Verkstad i ei pressemelding.

Glad for nysatsing

Den nye båten skal leverast i mai 2019, og vil vere nummer to i ein serie prosessbåtar i eit samartbeid mellom Napier, Fitjar Mekaniske og designselsakpet Heimli AS på Fitjar.

– Napier gler seg over å kome i gang med endå eit nybyggingsprosjekt på Fitjar og forsterke den offensive satsinga på prosessbåtar.

Napier meiner slike prosessbåtar som Fitjar Mekaniske no skal designe og bygge er meir framtidsretta enn tradisjonelle brønnbåtar som har vore mest vanleg i den norske oppdrettsnæringa.

– Prosessbåtar har ein del fordelar samanlikna med brønnbåtar. Det er betre biologisk tryggleik, auka fiskevelferd og redusert tap som følgje av transport og ventemerd, og betydeleg lågare bygge- og driftskostnadar.

Vil bli fleire tilsette

Prosessbåten er designa slik at båten skal kunne lastast kvar dag, og vil vere utstyrt med eit eige blodreinseanlegg

Bømlo-reiarlaget fortel at dei er i vekst og kjem til å tilsette fleire framover.

– Me har per i dag 16 tilsette, men talet kjem til å stige betydeleg framover. Napier er aktive i marknaden og har fått betydeleg merksemd om satsinga si. Reiarlaget jobbar med ulike initiativ og har godt håp om at fleire skal realiserast i løpet av 2018.