Fredag 22. Juni 2018


Engesund Fiskeoppdrett planlegg nytt, stort lakseanlegg like ved Sandvikvåg

– Selskapet er bekymra for framtida i heimkommunen Fitjar om verksemda ikkje får utvikla seg vidare i området, skriv oppdrettsselskapet.

Engesund Fiskeoppdrett AS har søkt fylkeskommunen om løyve til å etablere anlegg for produksjon av laks på ny lokalitet Fossvika i Fitjar kommune.

Her har dei søkt om å produsere meir enn 2700 tonn laks i året i eit rundt 80 dekar stort anlegg.

Samtidig ønskjer selskapet å legge ned dagens oppdrettsanlegg i Dyrholmen Aust i Fitjarøyane dersom styresmaktene seier ja til anlegget i Fossvika.

– Lokaliteten Dyrholmen Aust ligg i dag i naturskjønne friluftsområde i Fitjarøyane. Det regionale Friluftsrådet er sterkt inne for å sikre området til friområde. Det vil difor vere av interesse for ålmenta å få flytta oppdrettsaktiviteten vekk herfrå, skriv selskapet i søknaden.

Vil flytte visningssenteret

Engesund ønskjer også å flytte visningssenteret frå Dyrholmen til Fossvika.

– Visningsanlegget på Fossvika vil bestå av eit nytt og moderne ringanlegg med liftupsystem med sentral på fôrflåten med eit rm for visning på storskjerm av fisken i merdane.

Fossvika ligg like søraust for ferjekaien på Sandvikvåg. Kart: Google

Selskapet trur den sentrale lokasjonen like ved ferja og E39 vil kunne auke talet på besøkande betrakteleg.

– Målet er å kunne frakte opp mot 3000 besøkande gjester for Engesund sine visningslokalitetar, medan det i dag er i overkant av 1000 besøkande på lokaliteten Dyrholmen Aust. Ved flytting av visningskonsesjonen vil me kunne tilby publikum eit meir sentralt plassert anlegg langs E39 med visning av sjølve anleggsdrifta.

Fleire arbeidsplassar

Engesund Fiskeoppdrett er Norges minste oppdrettsselskap, med ein årleg omsetnad på litt over 100 millionar kroner. Dei skriv at dei er avhengig av nysatsingar for å kunne overleve.

– Selskapet er bekymra for framtida i heimokommunen Fitjar om verksemda ikkje får utvikla seg vidare i områet. Me er svært motiverte for å kunne produsere meir fisk nær heimstaden.

Dei skriv vidare at anlegget vil kunne føre til fleire arbeidsplassar.

– Ved etablering på Fossvika vil me kunne oppretthalde stabil arbeidsstokk i Fitjar kommune og til og med auke arbeidsstokken etter kvart som aktiviteten på Fossvika aukar.

Vil også produsere tare

Det omsøkte anlegget vil bestå av åtte frittliggande 160 meters ringar på to rekkjer, som vil ligge rundt 250 meter frå land. Engesund meiner det ikkje treng lagast eigen konsekvensutreiing for det nye anlegget.

– Me meiner denne saka er tilstrekkeleg godt nok opplyst. Søknaden tilfredsstiller dei krava som gjeld for oppdrettslokalitetar til sjø. Det er difor lite truleg at det omsøkte tiltaket kan få vesentlege verknader på miljø, biologisk mangfald og samfunn.

Dei ønskjer også å få konsesjon for produksjon av tare på Fossvika. Dette har dei søkt Fiskeritilsynet om.

– Tare er ein biotop som er godt eigna for oppvekst og fiskeyungel, og tareanlegget vil kunne bidra til auka produksjon av villfisk i området. Området på Fossvika er relattivt stort, og det er difor svært godt eigna til å kombinere tareproduksjon i tilknyting til fiskeoppdrett.

Grøn konsesjon

Oppdrettselskapet ber om at lokaliteten i Fossvika vert klargjort steg for steg, slik at dei raskast kan kome i gang med bygging av anlegget.

Dei ønskjer å søkje om samlokalisering for den grøne konsesjonen som i dag er knytt til anlegga i Masfjorden. Grøn konsesjon medfører ulike tiltak for å redusere risiko for rømming, og for å bekjempe lakselus.

 

Stord/Fitjar landbrukskontor har no saka ute på offentleg ettersyn. Det er fylkeskommunen som skal gi løyve til anlegget. Fiskeridirektoratet må også gjere positivt vedtak i saka.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...
annonse
annonse

Samisk dag på Selevik skule

20.06.2018 Kjetil Rydland

Elevane har sett opp lavvoane, og Colin Alexander Peitisch viser at han har godt tak på lassoen. Foto: Kjetil Rydland.  Samisk dag på Selevik skule Friluftsrådet Vest skipa til "Samisk dag" for...

Les meir ...

Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødsl…

20.06.2018 Kjetil Rydland

Eigenutvikla nødslaktefartøy skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted.  Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødslaktefartøy Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla...

Les meir ...

Variert haust med Temakveldgruppa i Fitj…

19.06.2018 Kjetil Rydland

Alverflaten Jazzband med konsert i Fitjar kyrkje under Fitjarfestivalen 9. august.  Variert haust med Temakveldgruppa i Fitjar kyrkje Haustprogrammet for temakveldene i Fitjar kyrkje er klart, skriv Eli Simonsen, som kan lova ein...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...
annonse