Fredag 22. Juni 2018



Onar Westerheim med premien for førsteplassen, flankert av dei to andre premievinnarane, Pentti Kiiskinen og Yurij Osipov, og dei andre deltakarane i 70-årsklassen. Foto: Privat. 

Verdsmeisteren blei møtt med flagg og blomar

Den ferske verdsmeisteren Onar Westerheim blei møtt med flagg og blomar då han landa på Stord lufthamn Sørstokken i kveld.

 

Det er ikkje kvar dag det landar ein ekte verdsmeister på Sørstokken, men i kveld kom Onar Westerheim flyboren frå Moskva, der han har teke VM-gull i skeisesprint. Så det skulle berre mangla om han ikkje skulle bli møtt med ein viss heider og ære.



Statuetten som er det synlege provet på at Onar blei verdsmeister i sprint. Foto: Privat. 

Onar vann ein klar siger samanlagt i sprint-VM, som gjekk av stabelen i Moskva denne helga. Med serien 45,92, 1.32,01, 45,90 og 1.30,36 vann Onar tre distansesigrar og var 1,3 tidspoeng føre nummer to på lista, Yuri Osipov frå Russland. Sistnemnde var den einaste som klarte å slå Onar i eitt av løpa, nemleg gårsdagens 500 meter. 

– Det plar ofte dukka opp ein ukjent russar når me konkurrerer her borte, seier Onar. Men heilt ukjent var nok ikkje Osipov, for han låg på andreplass på lista over årsbeste i 70-årsklassen før helgas VM. Og kven låg på førsteplass? Jo, naturlegvis vår mann, Onar Westerheim! Gårsdagens 1000-meter på 1.30,36 er noko av det beste Onar har gått i år, og ny norsk rekord i 70-årsklassen. 

Den gamle rivalen til Onar, Pentti Kiiskinen frå Finland, måtte nøya seg med tredjeplassen denne gongen. Som me ser av resultatlista, var konkurransen blant dei beste i 70-årsklassen hard. Spesielt dei seks beste var jamne, men det var heile 14 løparar til saman i klassen. 

Resultat over dei seks beste i Masters (sprint-VM) i Moskva 3.-4. mars 2018

1. Onar WESTERHEIM, NORGE       45.92 (1) 1:32.01 (2) 45.90 (2) 1:30.36 (1) 183.005 poeng
2. Yurij OSIPOV, RUSSLAND            46.13 (3) 1:32.97 (2) 45.70 (1) 1:31.98 (3) 184.305 poeng
3. Pentti KIISKINEN, FINLAND          46.02 (2) 1:33.05 (4) 46.15 (3) 1:32.61 (4) 185.000 poeng
4. Ivan KASYANOV, RUSSLAND       47.32 (6) 1:33.04 (3) 46.87 (6) 1:31.44 (2) 186.430 poeng
5. Jan BOELEN, NEDERLAND         46.78 (5) 1:35.63 (5) 46.65 (4) 1:34.31 (5) 188.400 poeng
6. Bauke MEIJER, NEDERLAND      46.39 (4) 1:37.25 (6) 46.67 (5) 1:36.43 (6) 189.900 poeng

Komplette resultatlister over løpet i Moskva, som samla 150 deltakarar, finn du på denne linken. Her ser me at Onar Westerheim var den einaste norske deltakaren i 70-årsklassen, og den einaste nordmannen som gjekk heilt til topps i Moskva denne helga. Elles ser me at Brynjulf Måkestad blei nummer tre i 65-årsklassen, og Jørn Pettersen nummer tre i 45-årsklassen.

 
Me gratulerer Onar Westerheim med den eineståande innsatsen. No står det berre att eit rekordløp på 5000 meter i Stavanger komande helg før konkurransesesongen er over. 

 


Vår mann på isen i Moskva, der han vann ein suveren samanlagtsiger i Masters. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...
annonse
annonse

Samisk dag på Selevik skule

20.06.2018 Kjetil Rydland

Elevane har sett opp lavvoane, og Colin Alexander Peitisch viser at han har godt tak på lassoen. Foto: Kjetil Rydland.  Samisk dag på Selevik skule Friluftsrådet Vest skipa til "Samisk dag" for...

Les meir ...

Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødsl…

20.06.2018 Kjetil Rydland

Eigenutvikla nødslaktefartøy skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted.  Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødslaktefartøy Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla...

Les meir ...

Variert haust med Temakveldgruppa i Fitj…

19.06.2018 Kjetil Rydland

Alverflaten Jazzband med konsert i Fitjar kyrkje under Fitjarfestivalen 9. august.  Variert haust med Temakveldgruppa i Fitjar kyrkje Haustprogrammet for temakveldene i Fitjar kyrkje er klart, skriv Eli Simonsen, som kan lova ein...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...
annonse