Fullt hus i «Fitjartun» som i gamle dagar då Fitjar IL skipa bingo søndag ettermiddag. Foto: Britt Lise O. Volden.

Bingo gav pengar til Dana Cup

Fotballgruppa skipa til bingo i «Fitjartun» i går ettermiddag og fekk inn nesten 10 000 kroner, som skal vera med og dekka årets deltaking i Dana Cup.

 

Britt Lise Onarheim i fotballgruppa fortel at dei fekk inn heile 9 700 kroner på gårsdagens bingo, som samla om lag 80 bingospelarar.

Simen Aarskog las tala med stødig røyst, og Åsmund Sørfonn kontrollerte at alt gjekk rett for seg, fortel ho.

Spelarar frå dei to laga jenter 15 og gutar 14 bidrog med baking og kiosksalg. Inntekta går til desse laga sin tur til Danmark og Dana cup til sommaren.

Om det blir fleire bingoar, er ikkje heilt bestemt, men det blir kanskje ein til, seier Britt Lise O. Volden.

 


Anna Sandvik Bø og Lars Rydland Sæbø sel kaffi og kaffimat til inntekt for Dana Cup-turen til sommaren. Foto: Britt Lise O. Volden.

 

Bingo er slett ikkje noko nytt i Fitjar Idrettslag, og me minner om det som står i jubileumsboka for laget frå 1999:

«Bingoen var ein berebjelke i økonomien i mange år. Fitjar IL arrangerte bingo sidan starten på 1970-talet, men i byrjinga blei det berre arrangert i samband med medlemsmøte, årsmøte og andre samkomer.

Det var fyrst på byrjinga av 80-talet at dette skulle bli ei stor inntektskjelde for Fitjar IL. I 1982 starta laget med organisert og fast bingo på «Kondisen», men måtte flytta til gamle «Fitjartun» i slutten av året på grunn av for liten plass.

Det var Else Thorkildsen (Wåge) og Agnar Aarskog som prøvde å dra dette i gang, men det var tregt i byrjinga. Dei prøvde å læra av andre som dreiv med bingo, og fekk etter kvart bra tilslutning. Budsjettert overskot for 1983 blei sett til kr 6000. Ein periode var bingoen på «Kondisen» og Fitjar Fjordhotell på grunn av ombygging av «Fitjartun».

I 1991 tok laget i bruk nye «Fitjartun», og hadde då det finaste bingolokalet på øya. På det meste var det nærmare 200 menneske på bingo, og det kom folk frå Fitjar, Stord og Bømlo. Bingoen blei for mange eit høgdepunkt i veka og var ein sosial samlingsplass både for familiefolk og einslege. Bingoen var også ei god inntektskjelde for Fitjar IL, og overskotet var på det meste nærmare kr 70 000 i året. Agnar Aarskog og Else Wåge hadde ansvaret frå 1982 til 1993.

Då overtok Geir Tore Søreide, som hadde ansvaret til bingoen blei nedlagd i 1995. Fitjar Idrettslag vil takka alle dei som i mange år var med og gjorde ein kjempejobb med bingoen.»

Seinare har det òg vore drive bingo i regi av Fitjar Idrettslag, utan å nå dei store høgdene frå 1980- og 90-talet.