Randi Eiken Brekke dirigerer Fitjar barnegospel. Foto: Helga Rimmereid.

Jubileum med Fitjar barnegospel

Det er 20 år sidan Fitjar barnegospel vart skipa, og Bjarte Leithaug blir med på jubuleumskonserten komande laurdag.

 

Denne veka blir det ikkje temakveld om torsdagen, men temaettermiddag laurdag 10. mars, skriv Hildegunn Aadland i temagruppa i ei pressemelding.

Fitjar barnegospel øver kvar torsdag under leiing av Randi Eiken Brekke. Dei syng med frimod og glede! Dei er ein skikkeleg ressurs i bygda. Dei har òg med seg eit friskt band.

Bjarte Leithaug er kjend for mange. Han har m.a. gjeve ut ei rekkje plater. Dei fengjande og glade songane til musikklæraren frå Meland er mellom favorittane i barnekor over heile landet. Han har fått gullplate for CD-en «Min båt er så liten». Songen «Skal vi være venner» har NRK Barne-TV spela inn som video til bruk for NRK- Super, for berre å nemna ein brøkdel. Som artist og korinstruktør har han hatt over 60.000 born med seg på scenen i konsertar med mykje liv og glede.

I  2008 fekk han Nordhordlandsprisen for det allsidige kulturarbeidet sitt.

På konserten 10. mars kan me fyrst og fremst venta oss ein glad time med borna i sentrum. «Det vert mykje godt humør», seier artisten frå Nordhordland. «Opplegget passar for heile storfamilien, så me håpar kyrkja vert full denne dagen! Songane som er valde ut, handlar om venskap, om å bry seg om andre og ikkje minst gleda og tryggleiken i kristentrua».

Me seier oss glade for at Fitjar indremisjon legg si samling til dette arrangementet! skriv Hildegunn Aadland til slutt. 


Bjarte Leithaug kjem til Fitjar. Foto: Privat.