Fredag 22. Juni 2018



Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland.

Quiz for historiebøkene!

Fredagskveldens quiz på Fitjar Fjordhotell enda med favorittsiger til «Team Siglo», men vil nok bli mest hugsa for bildet av Jostein Siglen på bildequizen, det var berre han og lagkameratane hans på vinnarlaget som ikkje kjende att ein ung Josten.

 

Quizen på Fitjar Fjordhotell enda som vanleg med eit nappetak mellom «Hanen og Hønene» og «Team Siglo», og sistnemnde vann ein relativt klar siger. Heller ikkje denne gongen greidde Magne Skumsnes og dei unge og framstormande etterkomarane hans å vippa dei to beste laga av vaglet.

Men det er ikkje dette gårsdagens quiz vil bli hugsa for. Etter at motstandarane hadde sett siglarane segla frå gjennom dei vanskelege spørsmåla frå Arne Raunholm – og endå vanskelegare spørsmål i musikkqizen som hotellstaben varta opp med – skulle «Team Siglo» berre setja krona på verket med bildequizen. Den plar dei ofte avgjera konkurransen med. I går såg det ekstra enkelt ut, då «Hanen og Hønene» mangla skikkelege ungdommar på laget. Den yngste dei kunne varta opp med, var den nyslegne 50-åringen Lars Ove Rimmereid.

Her heldt siglarane på å leggja det store egget. Ein ung, blåkledd Jostein Siglen var med på bildequizen, og blei straks identifisert av lagkameratane hans som ... Nils Hetleflåt! Ei litt flau og ikkje minst letta gjeng med siglarar hadde heldigvis nok å gå på, og kunne likevel jubla over ein ny siger. Og no kan dei kvila på det øvste quizvaglet ein heil månad, til neste nappetak på Fitjar Fjordhotell.

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...
annonse
annonse

Samisk dag på Selevik skule

20.06.2018 Kjetil Rydland

Elevane har sett opp lavvoane, og Colin Alexander Peitisch viser at han har godt tak på lassoen. Foto: Kjetil Rydland.  Samisk dag på Selevik skule Friluftsrådet Vest skipa til "Samisk dag" for...

Les meir ...

Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødsl…

20.06.2018 Kjetil Rydland

Eigenutvikla nødslaktefartøy skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted.  Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødslaktefartøy Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla...

Les meir ...

Variert haust med Temakveldgruppa i Fitj…

19.06.2018 Kjetil Rydland

Alverflaten Jazzband med konsert i Fitjar kyrkje under Fitjarfestivalen 9. august.  Variert haust med Temakveldgruppa i Fitjar kyrkje Haustprogrammet for temakveldene i Fitjar kyrkje er klart, skriv Eli Simonsen, som kan lova ein...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...
annonse