Sundag 24. Juni 2018



Ole Bergesen lovar ikkje raud løpar og sprudlevatn, men førstkomande søndag kan alle som var på kinopremieren få sjå filmen «Den 12. mann» på nytt utan å betala. Foto: Kjetil Rydland. 

Sjå «Den 12. mann» med tekst

Førstkomande søndag før kinopublikummet i Fitjar ein ny sjanse til å sjå «Den 12. mann», og denne gongen med tekst.

 

Då den nye Fitjar kino blei opna med stor festivitas for to-tre veker sidan, var det eit ørlite skår i gleda at storfilmen «Den 12. mann» ikkje var teksta. Som kjent var det ein del tysk og litt samisk tale som ikkje var så lett å få med seg for alle.

 

Dette vonbrotet vil Ole Bergesen bøta på og allereie førstkomande søndag, for då går premierefilmen på nytt på Fitjar, denne gongen med tekst. Og ikkje nok med det: Alle som var på kinopremieren søndag 28. januar, kan koma og sjå filmen på nytt med tekst utan å betala noko. 

 

Bergesen vonar at mange vil nytta høvet, og koma tilbake og sjå filmen teksta. Det er berre å gi beskjed ved inngangen at du var på premieren, seier Bergesen, som elles viser til annonse på Facebook-sida til Fitjar kultur- og idrettsbygg. 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse