No skal Engesund Fiskeoppdrett gå på batteri

Nytt batterisystem har redusert dieselforbruket kraftig ved eit av oppdrettsanlegga til Fitjar-selsakpet Engesund Fiskeoppdrett.

Electro Automation Austevoll har installert batteridrivne generatorar på Engesund Fiskeoppdrett sit oppdrettsanlegg i Fensfjorden.

Bakgrunnen for investeringa var å sikre straumforsyninga på anlegget, redusere miljøbelastningar, redusere støy og samtidig redusere kostnadane for energiproduksjon.

Lokalitetsansvarleg for Engesund Fiskeoppdrett, Solveig Hagenes, ser frem til ein støyfri arbeidsdag.

- Med eit dieselaggregatet som berre går 5 timar i døgeret får me eit mykje betre arbeidsmiljø om bord. Samtidig vil behovet for service og vedlikehald bli sterkt redusert.

Salsansvarleg i Electro Automation Austevoll, Øystein Kalvenes er svært nøgd med å vere den første leverandøren som tilbyr ein slik teknologi.

- Ved då kombinere dieselaggregatet som allereie er på anlegget med moderne batteriteknologi får me ein betydeleg meir økonomisk og klimavennleg straumproduksjon.

Kalvenes fortel om svært god reduksjon i miljøbelastningane ved anlegget.

- Systemet består av batteri, ladesystem og et energistyringssystem. Målet er at dieselaggregatet skal ha så få driftstimar som mogleg og at det skal gå med mest mogleg ideell belastning når det er i drift. Der dieselaggregatet før gjekk 24 timar i døgeret vil det no på vinteren med høgt forbruk berre gå i 5 timer.

Bakgrunnen for investeringa til Engesund Fiskeoppdrett er at mange oppdrettsanlegg ligg i dag på lokasjonar der det ikkje er et reelt alternativ med straiumforsyning frå land. Desse vil difor vere avhengige av dieselaggregat for straumproduksjon.

Dette var også situasjonen for Engesund Fiskeoppdrett sin lokasjon i Fensfjorden. Dieselaggregatet på forflåta var dimensjonert for dei mest energikrevjande tidene på døgeret, skriv selskapet.

Dermed gjekk aggregatet mesteparten av døgeret med under 10 prosent belastning. Dette var svært lite økonomisk og drivstofforbruket blei naudsynt høgt. I tillegg var dieselaggregat støyande og sjenerande for folk på anlegget og for omgjevnadane.