Biblioteksjef Silje Torbjørnsen lokkar med nytt foredrag. Foto: Kjetil Rydland. 

Foredrag til trøyst og hjelp for foreldre

Biblioteksjefen minner om det neste foredraget ho har på programmet; førstkomande måndag vil Heine Vestvik fortelja om «Å skapa trygge barn».

 

Foredraget har kome istand på initiativ frå småbarnsforeldre i Fitjar, men er sjølvsagt mynta på alle som omgås barn, seier Silje Torbjørnsen på Fitjar folkebibliotek. 

 

Foredragshaldar denne gongen er Heine Vestvik, tilknytingsterapeut frå Haugesund. Han gitt ut fire foreldrebøker, blant anna "Den lille tilknytingsboka" og De lille foreldretrøsteboka".  

 

I tidsskriftet "Foreldre og barn" har Heine Vestvik ein artikkelserie som heiter "Den lille foreldreskolen". Her skriv han blant anna om tilknyting, trøyst, læringsglede, leik, foreldretrøyst og separasjonsvanskar. Tidsskriftet kan du sjølvsagt låna på biblioteket. 

 

Som vanleg når biblioteket har tilstelling, blir det enkel servering. Kanskje blir det òg banankake? smiler biblioteksjefen lurt.