Ein glad og harmonisk gjeng som styrer handballgruppa i Fitjar Idrettslag eitt år til. Foto: Kjetil Rydland

Optimisme og attval i handballgruppa

Handballgruppa i Fitjar Idrettslag hadde årsmøte onsdag kveld, og heile styret blei attvalt. 

 

Årsmeldinga for handballgruppa bar bod om god og aukande aktivitet, og gode samarbeidsforhold i dei styrande organa.


Rekneskapen syner underskot, men dette vonar styret å snu i det nye året. Årsaka til underskotet er blant anna auka aktivitet, som gir meir utgifter til påmelding til cup og serie, noko som sjølvsagt er positivt. Skifte av sponsor har òg gitt auka utgifter i og med at dei har måtta kjøpa nye drakter. Vidare har dommarutgiftene blitt altfor høge, fordi Fitjar ikkje har hatt nokon eigne dommarar i 2017. På det siste handballdommarkurset har Fitjar hatt med heile fem deltakarar, noko som vil spara klubben for store utgifter. 

 

Totalt hadde Fitjar Idrettslag 91 registrerte handballspelarar i 2017, av desse er åtte unge gutar, og 83 jenter frå seks år og oppover. Årsmeldingane frå dei ulike laga vitnar om god aktivitet, sjølv om resultata ikkje har vore like sterke heile tida. I 2017 hadde handballen fire lag i seriespelet, G10 (aktivitetsserien), J11, J14 og damelaget i 5. divisjon. Høgdepunktet  for Jenter 11 og Jenter 14 var Handballfestivalen på Stord i pinsehelga. Elles har Fitjar hatt fem lag i minihandball, to lag i J7, to lag i J8 og eitt lag i J9. 

 

Samarbeidet i styret har vore godt, og alle styremedlemmene tok gjenval. Etter valet held desse engasjerte damene fram i styret: Liljan V. Waage (leiar), Trude Strand (kasserar og materialforvaltar), Mette Haldorsen (kioskansvarleg), Annlaug de Fine (skrivar) og Ingvild Rimmereid.