Olav Johannes Oma bli sokneprest i Stord?

Oma fekk tilbod om soknepreststillinga i Stord

Sokneprest Olav Johannes Oma har fått tilbod om å bli sokneprest i Stord, står det på heimesida til Bjørgvin bispedømmeråd.

 

Som kjent hadde begge prestane våre søkt på ei vikarstilling som sokneprest i Stord. På møtet i Bjørgvin bispedømmeråd i dag har sokneprest Olav Johannes Oma fått tilbod om den ledige stillinga.



I kveld har Fitjar sokneråd hatt møte der dei har diskutert prestesituasjonen i bygda, fortel kyrkjeverje Harald Rydland. Olav J. Oma har åtte dagar på å bestemma seg for om han vil takka ja til tilbodet frå Stord. Soknepresten vår må først avklara om han får permisjon i tre år, og om han kan bu i prestebustaden i Fitjar medan han arbeider på Stord.

 

Kyrkjeverje Harald Rydland fortel at soknerådet i Fitjar tar situasjonen til etterretning. Dersom Oma tek imot jobben i Stord, vil dei oppmoda Bjørgvin bispedømmeråd snarast råd å lysa ut eit tre års vikariat som sokneprest i Fitjar. Soknerådet ynskjer samstundes å lysa ut på nytt stillinga som kyrkjelydsprest / barne- og ungdomsprest. Som kjent var det ingen søkjarar på den utlyste stillinga som barne- og ungdomsprest i Fitjar for få veker sidan.