No får også Fitjar-elevane gratis frukost av fylkeskommunen

Hordaland fylkeskommune har løyva 150.000 kroner til Fitjar vidaregåande for å servere gratis skulefrukost.

I fjor vart det innført gratis skulefrukost fire dagar i veka for elevane på Stord vidaregåande skule.

No har fylkeskommunen også bestemt å løyve 150.000 kroner til ei tilsvarande ordning på Fitjar vidaregåande skule.

Rektor ved Fitjar vidaregåande skule, Leif Helge Engelsen.

– Me har hatt gratis skulefrukost i 5-6 år som me har dekka av eige budsjett. No er det veldig bra at fylkeskommunen løyver ekstra midlar til det. For no kan me utvide tilbodet. Så desse pengane kjem veldig godt med, seier rektor Leif Helge Engelsen på Fitjar vidaregående skule.

Før har frukostserveringa avgrensa seg til havregraut, og no får elevane altså eit endå breiare utval.

– Me har no tenkt å køyre ein prosess på skulen med eit kantineråd for å høyre elevane si røyst for å bestemme kva me skal tilby for desse pengane. Om me skal lage til skikkeleg hotellfrukost eit par dagar i veka eller litt enklare tilbod kvar dag. For meg er det viktig å høyre på elevane.

Engelsen ser at skulefruokost på Fitjar vidaregåande er eit spesielt bra tiltak i og med at dei har mange elevar som pendlar og kjem på skulen ein god stund før skulestart.

– Mange elevar et ikkje frukost, og me ser jo at dei som får i seg litt mat før skulestart ofte er meir vakne og meir med enn dei som ikkje gjer det. Det gir ein god start på dagen.

I tillegg meiner rektoren at skulefrukosten bidreg til eit betre sosialt miljø på skulen.

– Dette gjer at dei har det veldig greit sosialt på tvers av klassane. Det er miljøskapande å sitje i kantina ein halvtime før skulen og snakke med dei andre, og eg er der ofte sjølv også. Det er god stemning hos oss på morgonen.