Måndag 19. Februar 2018



Eirik Myhre og Johannes Nesse i arbeid med traktorane i Mbé i Kamerun. Foto: Privat. 

Frå Færøysund til Mbé i Kamerun

Ein delegasjon på fem personar reiste i romjula nedover til Kamerun for å sjå til jordbruksprosjektet som Færøysundbasaren arbeider for. 

 


For Hedwig Thyve Nystad, Målfrid Sandvik og Emmanuel Aoudi Chance var det gjensyn med gamle kjende i Kamerun. Dei to damene har vore misjonærar i heimlandet til Chance. Men for Johannes Nesse og Eirik Myhre var den harde, raude jorda i landsbyen Mbé i Kamerun upløgd mark. 

 


Emmanuel Aoudi Chance arbeider på åkeren i Mbé i Kamerun. Foto: Privat. 

 

Færøysundbasaren støttar jordbruksprosjekt

Chance har starta organisasjonen Société Agricole Mbé, for å støtta jordbruket i byen Mbé i Kamerun. Saman med bror sin, Amadou, har han kjøpt inn traktorar og plogar til bøndene heime. I tillegg treng dei blant anna pengar til ymse spadar og andre handreiskapar. Ærendet for delegasjonen frå Noreg var å sjå til korleis det gjekk med jordbruksprosjektet på heimtraktene til Chance, som er gift med Målfrid Sandvik. 

 

Lang tur til Kamerun

Dei drog frå Noreg 28. desember, men på grunn av forseinking frå Gardermoen kom dei for seint til å rekka Turkish Airlines-flyet vidare frå Istanbul. Dermed gjekk det tre dagar før dei kom fram til hovudstaden i Kamerun, Yaoundé, og heile fem dagar før dei var heilt framme. 

Rundt 70 kilometer nord for regionhovudstaden Ngaoundéré ligg landsbyen Mbé, som er heimstaden til Chance, ektemannen til Målfrid Sandvik. Det var her i denne landsbyen med rundt 1000 innbyggjarar Målfrid i si tid var misjonær, og det var her ho møtte Chance, då han var gartnar i hagen hennar.

Det var stor og ekte gjensynsglede då dei kom fram til landsbyen Mbé. Målfrid er glad i folket, og dei er glade i henne, seier Johannes. Chance kjem frå ein familie på 14 søsken, og dei fleste bur der. Ein av brørne hans er ansvarleg for maskinparken.

 

Status på landbruksprosjektet 

Ærendet til delegasjonen var å sjå status på landbruksprosjektet i Mbé, og sørgja for nødvendig vedlikehald og eventuelt reparasjonar. Dei har kjøpt fem Massey Ferguson-traktorar og ein John Deere frå Pakistan, der desse blir produserte på lisens. I tillegg er det frå Norge samla inn ein del plogar, blant anna ein frå Dåfjorden, og brukte syklar og sjukehusutstyr som vart samla i ein container og sendt ned. 

Det viste seg at dei hadde bruk for hjelp, råd og rettleiing. Vedlikehaldet blir ikkje enklare av at det er dårleg med elektrisk straum i landsbyen, sjølv om kraftlina frå vasskraftverket i Nord-Kamerun gå rett forbi. Dei har nemleg ikkje råd til transformator!

Dei har bensinaggregat, men det er for dyrt å driva. Delegasjonen frå Noreg bestemte seg derfor ganske snart for å få tak i solcellepanel. Då måtte dei reisa i tre timar på ein holete og humpete asfaltveg til regionhovudstaden Ngaoundéré. Her budde dei på misjonsstasjoenen og kunne gle seg over rennande vatn. På ein butikk som er eigd av det norske misjonærbarnet Trygve Raen, fekk dei kjøpt det dei var ute etter, eit 120 watt solcelleanlegg til rundt 5000 kroner. Det har omformar mellom 12 og 230 volt og er på 120 ampere timar. Dette monterte dei heime i landsbyen Mbé, og det kan brukast til å lada traktorbatteri og mobiltelefonar, pluss litt lys. 

Dei fire Massey Ferguson-traktorane og ein John Deere som alle er operative, fekk nye batteri, som dei lada opp. Det var kjøpt inn reservedeler til traktorane på førehand. På denne måten kunne dei m.a. reparera hydraulikkpumpa på ein av dei. Det var ein større operasjon der dei hadde god hjelp av ein lokal mekanikar som hadde hatt denne traktortypen sjølv. – Han vil me bruka i framtida, seier Johannes. Han bur i landsbyen, og han kan forklara sambygdingane sine korleis det skal gjerast, for han kan språket.

For Johannes og svigersonen Eirik er det litt vanskelegare, for dei snakkar ikkje fransk. Og slett ikkje det lokale språket. Men med fransk hadde dei klart seg godt i Kamerun. – Språket var ei stor hindring, fortel Johannes. Det gjekk mykje på fakter og geberder, det er berre dei færraste som snakkar engelsk her. Men elles fekk Eirik Myhre gjort ein veldig god jobb der nede; han er både elektrikar og bygningsingeniør og meir til.

Plogane og traktorane skal brukast til å pløya deira eigen jord, og så leigast ut til andre som skal pløya jorda si. Her dyrkar dei hirse, mais, ris, og ikkje minst igname. Det siste er ei stor rotfrukt som krev at du bruker plog, i den raude, typiske afrikanske molda. Stein og røter gjer at plogane lett blir øydelagde.

Det er ei utfordring å få tak i godt nok stål til å erstatta slitedelane i plogane. No vonar Johannes å få hjelp av «Jordbruksskolens venner», nokre jærbuar som han blei kjend med for tre år sidan på Madagaskar. Gjennom desse har Johannes fått kontakt med plogfabrikanten Kverneland på Jæren. Dei lagar betre plogar enn dei pakistanske, og no vonar han å få sendt ned sterkare stlitedelar frå Kverneland. 

 


Målfrid Sandvik med lokale damer. Foto: Privat.


Kvinnene i Kamerun imponerte

I mangel på straum kokar damene på gruer, der dei fyrer med ved. Dei har ikkje innlagt vatn, og jentene halar opp vatn frå brunnen. – Dette vatnet drikk dei lokale, men utlendingar som oss kjøper vatn på markanden i landsbyen, fortel Johannes Nesse. 

Damene ber dei daglege børene i Afrika, seier han, dei står opp tidleg om morgonen og hentar vatn, hogg ved, fyrer, kokar og lagar mat. Og dei syng, smiler og ler i dei fargerike draktene sine. 

 


Høgdepunktet på turen, Hedwig, Eirik og Johannes heime hos den lokale høvdingen. Foto: Privat. 

 

Høgdepunktet på turen – besøk hos landsbyhøvdingen 

Høvdingen i landsbyen er muslim, og dette er ein arveleg posisjon. I store delar av Kamerun er det eit harmonisk forhold mellom islam og kristendom; unntaket er i nord mot grensa til Nigeria, der det kan vera utrygt. Derfor vart ein planlagd tur til ein nasjonalpark i nærleiken avlyst grunna manglande tryggleik.

Denne høvdingen er høgt heva over vanlege folk, seier Johannes Nesse. – Me måtte ta av både sko og sokkar før me gjekk inn, og sat på golvet medan høvdingen intervjua oss på engelsk. 


Fulle kyrkjer

To søndagar fekk reisefølgjet med seg i Kamerun. Og dermed blei det to gudstenester, fargerike og festlege opplevingar med trommer, song og dans.

Dei vakna til hanegal og lyden av bøneropet frå minaretar, og kyrkjene var fulle!

 


Eirik Myhre monterer solcellepanel. Foto: Privat.

 


Bror til Chance, Sirouma, har ansvaret for maskinparken; her med mekanikaren som kan Massey Ferguson. Foto: Privat. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...

Årets lokalpolitikar!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland, engasjert KrF-politikar. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik.  Årets lokalpolitikar! På fylkesårsmøtet på Sotra i helga blei Harald Rydland utnemnd til årets lokalpolitikar i Hordaland Kristeleg Folkeparti.

Les meir ...

Handballdamene vann klart over botnlaget

17.02.2018 Kjetil Rydland

Ingvild Rimmereid med seks mål mot Lyngbø. Foto: Kjetil Rydland.  Handballdamene vann klart over botnlaget Fitjar IL sitt damelag vann ein klar siger 26-19 over Lyngbø, og har dermed fått ei ørlita...

Les meir ...
annonse

Quiz for historiebøkene!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland. Quiz for historiebøkene! Fredagskveldens quiz...

Les meir ...

Korpsmusikk og publikum fylte Kultursale…

15.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjar skulekorps spela frå ABBA-programmet som dei skal framføra i april. Foto: Kjetil Rydland.  Korpsmusikk og publikum fylte Kultursalen Vakker korpsmusikk, kaffi og god kaffimat og ikkje minst veldig god stemning fekk dei...

Les meir ...

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfe…

15.02.2018 Jonas Sætre

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfestivalen Inger Elin Helland har hatt ansvaret for maten under Fitjarfestivalen i mange år. No er ho valt som ny festivalleiar.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...