Sundag 27. Mai 2018



Banksjef Arve Havnerås t.v. og Wenche Gunnarsjaa i Sparebanken Vest kan gle seg over eit godt resultat. I midten advokat Håkon Nordstrøm. Foto: FP-arkiv / Kjetil Rydland.

Godt bankresultat med Noregs beste kundeservice 

Sparebanken Vest fekk eit resultat før skatt på 1.844 millionar kroner i 2017, og 150 millionar kroner er foreslått utdelt til samfunns- og næringsutvikling på Vestlandet.

 

Sparebanken Vest i Sunnhordland og Rogaland hadde ein kundevekst på over 2.200 nye kundar i 2017. Av desse var over 700 under 18 år, går det fram av ei pressemelding.


– Det er svært gledeleg at vi tek marknadsandelar i heile vårt område også blant dei yngste, og med dette legg eit stadig betre grunnlag for framtidig vekst. Sparebanken Vest har no totalt 50 000 personkundar i området Rogaland/Sunnhordland. Vi hadde ein vekst i utlån på 7,6 % i personmarknaden i vårt område i 2017, seier regiondirektør Bjørn Tjensvold i Sparebanken Vest.

Banksjef Arve Havnerås på Stord seier at nøkkelen til den gode utviklinga er gode rådgjevarar som hjelper kundane til å finne gode løysingar for sin økonomi.

– Det er også viktig at folk er klar over at den gode utviklinga til banken gjer at stadig meir av gåvemidlane til banken kjem tilbake til fylket. I fjor fekk lag og organisasjonar i Rogaland og Sunnhordland til saman ca. 12 millionar i gåver. Dette gler me oss stort over, og det stemmer heilt med Sparebanken Vest sin visjon om at vi skal gjere livet på Vestlandet endå litt betre. I samband med dette er bidrag tilbake til lokalsamfunna eit viktig element. I 2017 hadde vi to Hjartebank-arrangement der vi delte ut 1 million kvar gong, eitt for Haugesund, og eitt for Kvinnherad og Skånevik. Begge stader var det mange eldsjeler som vart overraska med store gåver til laget i sitt hjarta. I Rogaland er det Uego-prosjektet, eit haldningsskapande arbeid med og for ungdom, som har fått mest midlar. Dette gjennom gåver til dei mange idrettslaga som er blitt ein del av Uego-bevegelsen, og som er dyktige på å gjera ting for andre, utan å forlanga noko tilbake. I Sunnhordland var det Stord Idrettslag som fekk den største enkeltgåva med 1 million til ishall, seier Havnerås.

For 2018 foreslår styret i banken at totalt 150 millionar kroner skal gå til utdeling av allmennyttige gåver som skal bidra til samfunns- og næringsutvikling på Vestlandet. Det betyr endå meir pengar også til gode prosjekt i Sunnhordland og Rogaland, seier den lokale banksjefen. Banken støtta også mange lag og organisasjonar med betydelige beløp. I tillegg fekk alle aldersbestemte lag som søkte nye fotballdrakter til sine lag.

– Denne ordninga vart ein slik suksess at vi for 2018 utvidar ordninga til også å gjelde handball. Dette er med på å forenkle kvardagen for mange som kan bruke pengar på aktivitet i staden for på drakter til borna, seier Havnerås.

 

Digital sjølvbetening og personleg rådgjeving

Dei siste tre åra har mobilbanken auka frå omkring ein million til over 2,5 millionar månadlege påloggingar, samstundes som nettbanken har lege stabilt rundt 800.000 påloggingar.

– Vi ynskjer å nytte den digitale plattforma til å fjerne friksjon i vår kontakt med kundane. Kundane ynskjer i større grad å vere sjølvbetente, og då må vi tilby funksjonalitet i våre digitale kanalar som gjer meirverdi. No er til dømes fire av seks sperringar av kort sjølvbetente. Denne type sjølvbetening gjev auka tryggleik for kundane når det gjeld potensiell svindel med kort, samstundes som det reduserer banken sin økonomiske risiko for erstatningar, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.​

Konsernsjefen trekkjer vidare fram at Sparebanken Vest skal vere ein digitalisert bank med personleg signatur. I 2015 var omkring fem prosent av Sparebanken Vest sine kundar innom eit kontor, medan det i 2017 var under to prosent. Førre år viste og ein reduksjon i talet på manuelle skranketransaksjonar på over 70 %. Men samstundes: I 2017 vart det i banken sine 34 kontor gjennomført over 46.000 komplette kundemøte, der alle aspekt ved kunden sin økonomi vert gjennomgått. I tillegg til at kundane verdset fysiske møte ved viktige livshendingar, vann og banken sitt kundesenter nyleg Kantar TNS årlige kundeservicepris for beste service av alle dei norske bankane i 2017.

- Vi må vere ein heilt digital bank i brukaroppleving, organisering og kultur. Den fysiske kontakten vil i framtida primært dreie seg om rådgjeving, ikkje transaksjonar. Vi vil nok møte kundane sjeldnare, men kvart møte skal vere meir verdifullt for kunden, seier Kjerpeseth.

Gjennom 2017 har nettbank og mobilbank og tatt av som reine salskanalar. 

– Delen avtalar om sparing i fond som kundane har kjøpt gjennom sjølvbetente kanalar, auka med 73 prosent frå 2016 til 2017. Vidare har det digitale salet av skadeforsikring auka med 44 prosent. Dette beviser at enkle og gode digitale løysingar er utløysande for salet, og denne type løysingar er noko vi vil fortsette å introdusere i 2018, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth.



HOVUDTAL 2017 (2016 I PARENTES):

Resultat før skatt: 1.844 MNOK (1.615 MNOK, inkl. eingongseffektar 1.956 MNOK)
Resultat/utvatna resultat pr. eigenkapitalbevis: 5,42 kr (6,24 kr)
Rentenetto: 1,50 % (1,47 %)
Kostnadsprosent: 44,2 % (39,7 %)
Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 11,0 % (13,1 % inkl. eingongseffektar)
Rein kjernekapitaldekning (Basel I gulv): 15,0 % (14,9 %)

HOVUDTAL FJERDE KVARTAL 2017 (2016 I PARENTES):

Resultat før skatt: 463 MNOK (361 MNOK)
Resultat/utvatna resultat pr. eigenkapitalbevis: 1,36 kr (1,08 kr)
Rentenetto (annualisert): 1,51 % (1,43 %)
Kostnadsprosent: 48,3 % (50,5 %)
Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 10,6 % (8,6 %)

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ikkje drep hoggormen!

25.05.2018 Kjetil Rydland

I dag hadde denne stakkars hoggormen kome fram i sola og mist livet. Foto: Kjetil Rydland. Ikkje drep hoggormen! I ettermiddag låg ein død hoggorm på traktorvegen frå Dalshaugane opp mot Tveitakleivo...

Les meir ...

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyn…

25.05.2018 Jonas

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyning» Laurdag inviterer Fitjar kulturskule, saman med dei andre kommunane i Sunnhordland, til «Dei unges festspelframsyning» i kinosalen i Stord kulturhus.

Les meir ...

Både Drønen og Lydersen på søkjarlista

25.05.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen vil bli sokneprest i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. Både Drønen og Lydersen på søkjarlista Då søknadsfristen gjekk ut denne veka, var både fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen og tidlegare Fitjar-prest Roald Drønen...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Legg ny straumkabel

26.05.2018 Kjetil Rydland

Her blir det lysregulering framover, til arbeidet med straumkabelen frå bedehuset til Rimbareid er ferdig. Foto: Kjetil Rydland. Legg ny straumkabel I desse dagar legg Fitjar Kraftlag ned ny straumkabel mellom Fitjar...

Les meir ...
annonse