Fitjar kommune må punge ut etter årelang krangel

Koløen-bebuar Tor Koløen har i ei årrekkje krangla med Fitjar kommune om trafikken som går utanfor huset sitt. No får han løn for strevet.

Bakgrunnen for saka er at kommunen meiner han har sett opp ulovlege sperringar i vegen for å hindre at trafikken kjem for nærme huset hans, og har ved fleire høve gitt Tor Koløen pålegg om å fjerne desse.

Etter at Fylkesmannen i Hordaland i fjor peika på sakshandsamingsfeil i sakshandsaminga til Fitjar kommune bestemte Tor Koløen seg for å saksøke Fitjar kommune.

Den betente saka var i ferd med å hamna i Sunnhordland tingrett, men vart forsøkt løyst sivilrettsleg på nyåret, då Fitjar kommune ville tilby hovudkravet på 18.000 kroner, som Fylkesmannen tilkjende Tor Koløen.

Må ut med over 40.000

Likevel har ikkje partane kome fram til semje om sakskostnadane Tor Koløen har hatt i samband med klagesaka.

No har Sunnhordland tingrett teke stilling til kven som må punge ut. Retten kjem fram til at Fitjar kommune må ta heile rekninga. Det inkluderer advokatutgifter på nær 20.000 kroner og eit rettsgebyr på over 3000 kroner.

Dermed må Fitjar kommune ut med over 40.000 kroner samla i den betente saka.

- Fitjar kommune har ikkje hatt grunnlag for å motsetje seg krava frå saksøkjaren, og har opptredd på ein måte som har bidrege til ein unødvendig rettsprosess. Kostnadane til saksøkjaren er forårsaka av denne forsømminga og saksøkjaren har krav på full dekning av sakskostnadane, skriv retten.

Har engasjert Sivilombodsmannen

Fitjar kommune har seinare gjort nytt vedtak i saka om at tiltaket var ulovleg, og dette er stadfesta av Fylkesmannen. Men saka er framleis ikkje endeleg avklart for Tor Koløen, som no har engasjert Sivilombodsmannen.

- Saka står der at advokaten min har sendt dette over til Sivilombodsmannen. Det er ei separat sak. Saka me vann no er at kommunen nekta å betale advokatutgiftene, sjølv om Fylkesmannen forlanga dette, seier Tor Koløen.

Koløen seier at han har fjerna markørane medan han ventar på kva Sivilombodsmannen kjem fram til.

- No har eg sett bilen min der. Eg ventar no på svar frå Sivilombodsmannen for å sjå kva eg gjer vidare.

Ordførar Wenche Tislevoll (H) har så vidt fått med seg slutninga frå tingretten då me tek kontakt.

- Eg tek dette til etterretning. Det som viktig å skilje er at dette ikkje handlar om sperringane kan stå eller ikkje, men handlar om korleis saka blei ført. Sjølve saka er avgjort frå kommunen si side, seier Tislevoll.

Tor Koløen opplyser at markørane vart stelt i romjula, og at det aldri har vore snakk om nokre speringar.