Kristine Claussen Sømme, Vanja Mikkelsen og Sondre Håvardsholm Dalsbotten er nett ferdige å laga gulrotkjeks med havregryn. Foto: Kjetil Rydland. 

NFU med nyttig kurs i mat og helse

Fitjar Fjordhotell og Fitjar vidaregåande skule hadde denne helga besøk av ein flokk glade kurselevar som har lært om mat og helse, i regi av Norsk Forbund for Utviklingshemma.

 

Heile 14 deltakarar stilte opp på "kokkekurset" som Stord/Fitjar lokallag av Norsk Forbund for Utviklingshemma arrangerte på Fitjar vidaregåande skule denne helga. I spissen for arrangementet stod leiar det lokale laget av NFU, Evy Skogedal. Ho hadde fått med tidlegare lokallagsleiar Ronald Hareide, som sjølv er profesjonell både som kokk og som lærar i matlaging. I tillegg hadde dei fått med to svært erfarne kokkelærarar ved Fitjar vidaregåande skule, Margareth Tislevoll og Astrid Bukkøy.



Glade fitjargutar på kurs, f.v. Mats Huseth Rasmussen og Jørund Innvær. Foto: Kjetil Rydland.


På Fitjar vidaregåande skule leiger dei opplæringskjøken som liknar på det me har i heimane våre, i motsetnad til storhushald. Dermed kan skulen by på svært gode forhold. Ronald fortel til Fitjarposten at dette er tredje gongen dei arrangerer eit slikt kurs i Fitjar, snart fem år år etter det første kurset, som viste seg svært vellukka. Målgruppa er ungdommar og vaksne som bur i eigne leilegheiter – og vona er å hjelpa dei til å bli mest mogleg sjølvhjelpne med matlaging.

I løpet av helga gjekk dei glade kokkane gjennom eit heilt kompendium med skikkeleg kvardagskost. På menyen stod blant anna wokgrønsaker, omnssteikte båtpoteter, brokkolisalat, pastasalat, laksefilet, fiskesuppe, grove vaflar med laks, heimelaga vaniljeis, bringebærtrollkrem, fruktspyd, gulrotkjeks med havregryn, vaniljesaus, bringebærtrollkrem, nanbrød, kylling og paprika med hot mangosaus, grøn salat, gulrotsuppe, bakt søtpotet og brookolisuppe. Resultatet var heilt fortreffeleg, noko me kan bekrefta etter å ha blitt bedt til bords med kursdeltakarane. 

Saman med dei to andre kokkelærarane gjekk Ronald Hareide til verket med stort engasjement. Fokuset er på sunn mat, og gjerne noko som ikkje tar så altfor lang tid å laga. – Mange av dei bur åleine, og då er det viktig å læra noko lettvint, som dei ikkje kvir seg med å gå i gang med! seier Hareide.

NFU arrangerer og ber hovudkostnaden, medan deltakarane betaler ein eigenandel, seier Evy Skogedal. I tillegg til matlaging hadde dei denne gongen fysisk aktivitet på programmet. Ein time under kunnig leiing i gymsalen på Rimbareid skule såg ut til å slå godt an. Dei fleste var bra med på øvingar som dei fleste kunne meistra, dans, styrketrening og bøy og tøy. Med to overnattingar blei det òg høve til mykje sosialt samvær. Mange av kursdeltakarane kjende kvarandre frå før, og gjensynsgleda var stor. Laurdagskvelden var det dans i pianobaren på Fitjar Fjordhotell.

Om NFU får til fleire kurs av dette slaget, vil me tru at gjengen møtest att. Opplegget såg ut til å vera ein skkkeleg innertiar både for kursdeltakarar og instruktørar.

 


Runar S. Skogedal forsyner seg av potetfatet. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Og her forsyner Mats Huseth Rasmussen seg med middag. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Ronald Hareide viser Ole Hauge korleis han skal bruka vårløken. Foto: Kjetil Rydland. 



Ørjan Wold med eit stykke laks på eit vaffelhjarte. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Andreas Bergsvåg ser fram til å hogga i kylling med hot mango saus. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 
Kjekt å eta maten som dei har laga sjølve, f.v. Mats Huseth Rasmussen, Runar S. Skogedal og Vanja Mikkelsen. Foto: Kjetil Rydland. 


Jostein Bergsvåg t.v. var med bror sin, Andreas, på kurset. Foto: Evy Skogedal.