Måndag 19. Februar 2018



God aktivitet på Fitjar Mekaniske Verksted bidrar til ei positiv utvikling på arbeidsmarknaden. Foto: FP-arkiv/KR. 

Færre arbeidsledige

Situasjonen på arbeidsmarknaden har betra seg mykje siste året, og ein av fem ledige i Hordaland har fått seg jobb.

 

I 2017 snudde utviklinga på arbeidsmarknaden i fylket vårt, og arbeidsløysa gjekk markant ned. Starten på 2018 er òg positiv, går det fram av ei pressemelding frå NAV Hordaland. Sidan januar i fjor har 2153 hordalendingar kome seg ut i jobb. 8163 heilt ledige utgjer 2,9 prosent av arbeidsstokken. 


Særskilt ungdomsinnsats 

Fungerande fylkesdirektør i NAV Hordaland, Tommy Johansen, er nøgd og trur den positive utviklinga i arbeidsmarknaden vil halda fram utover våren. 

– Det er mykje positivt å seie om tala vi no kan presentere for januar. Arbeidsløysa går ned for alle grupper: Unge og eldre, innvandrarar, og dei fleste yrkesgrupper. Størst reduksjon ser vi i aldersgruppa 25 til 29 år. Dette er vi glade for, då vi har gjort ein særskilt innsats for ungdom, seier Johansen. 

 

Fleire langtidsledige 

• Hordaland har 3064 delvis ledige, som er 809 færre enn på same tid i fjor. 


• Det er for tida 727 permitterte i NAV sine register (-47 prosent). 


• Hordaland prioriterer å få ungdom og langtidsledige inn på tiltak. Totalt sett er det 2275 
personar i tiltak (+5 prosent). 


– Vi ser ein reduksjon blant langtidsarbeidssøkjarar, men den er ikkje like kraftig som snittet til dei andre gruppene. Alle våre kontor har særskilt satsing på dei langtidsledige, som regjeringa har løyva ekstra pengar til, seier han. 
 

Industriarbeid (1144), bygg og anlegg (1163) og reiseliv og transport (845) er dei yrkesgruppene med flest ledige per januar 2018. 

 

Betring i Sunnhordland og Bergen 

Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden på Stord (–240 personar), Fjell (–155 personar) og Os (–129). 

– Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan ingeniør- og IKT-fag, og bygg og anlegg og industri. I desse bransjane har nærare 1500 personar fått seg jobb det siste kalenderåret, seier Johansen. 

I Bergen kommune er det 4699 ledige. Dette er 816 personar færre enn i fjor. Fitjar hadde 40 heilt ledige, og 11 personar på tiltak. Talet heilt ledige har gått ned med 23 sidan I fjor. Med 2,4 % ligg Fitjar på snittet for resten av Sunnhordland, og eit stykke under snittet på Hordaland, som er 2,9 %.

Arbeidsløysa i Noreg var 2,6 % i januar 2018, ein nedgang på 16.389 personar (–19 %). Totalt er det 71.849 heilt ledige i landet. 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...

Årets lokalpolitikar!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland, engasjert KrF-politikar. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik.  Årets lokalpolitikar! På fylkesårsmøtet på Sotra i helga blei Harald Rydland utnemnd til årets lokalpolitikar i Hordaland Kristeleg Folkeparti.

Les meir ...

Handballdamene vann klart over botnlaget

17.02.2018 Kjetil Rydland

Ingvild Rimmereid med seks mål mot Lyngbø. Foto: Kjetil Rydland.  Handballdamene vann klart over botnlaget Fitjar IL sitt damelag vann ein klar siger 26-19 over Lyngbø, og har dermed fått ei ørlita...

Les meir ...
annonse

Quiz for historiebøkene!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland. Quiz for historiebøkene! Fredagskveldens quiz...

Les meir ...

Korpsmusikk og publikum fylte Kultursale…

15.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjar skulekorps spela frå ABBA-programmet som dei skal framføra i april. Foto: Kjetil Rydland.  Korpsmusikk og publikum fylte Kultursalen Vakker korpsmusikk, kaffi og god kaffimat og ikkje minst veldig god stemning fekk dei...

Les meir ...

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfe…

15.02.2018 Jonas Sætre

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfestivalen Inger Elin Helland har hatt ansvaret for maten under Fitjarfestivalen i mange år. No er ho valt som ny festivalleiar.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...