Tone Brakedal. Foto: FP-arkiv/KR. 

NM-gull til Tone Brakedal

Tone Brakedal frå Fitjar vann NM-gull i stille lengde under innandørs-NM i friidrett i Bærum i helga.

 

Til liks med dei andre utøvarane frå Stord IL kan Tone Brakedal sjå tilbake på eit godt NM i Sandvika i Bærum.

På 60 meter hekk og flatt stilte Tone i seniorklassen, og nådde ikkje heilt opp. På 60 meter flatt nådde ho ikkje finalen, med tida 8,10 var ho eit stykke bak persen sin på 7,95, og rauk ut i forsøket. På 60 meter hekk blei det finale, og sjuandeplass med tida 9,27. Hekkefinalen blei vunnen på 8,36.

I stille lengde stilte Tone opp i juniorklassen, og vann ein sterk og litt overraskande siger, på ny personleg rekord med 2,65. Her slo ho to «presumptivt» betre utøvarar, som begge fekk 2,61. Vinnartida hennar hadde halde til bronse i seniorklassen. 

Me gratulerer med innsatsen!