Måndag 19. Februar 2018


Meiner ølbryggeriet på Fitjar bryt forbodet mot alkoholreklame


Fitjar kommune meiner ølbryggeriet En Liten Øl publiserer ulovleg alkoholreklame på Facebook.

Det var i desember i fjor at Fitjar kommune fekk Securitas til å utføre ein kontroll av nett- og Facebook-sida til bryggeriet på Kråko i Fitjar. Her vart det avdekka brot på alkoholreklameforbodet.

Bryggeriet meiner Fitjar kommune er for strenge når det gjeld handhevinga av reklameforbodet.

– Ikkje aktiv marknadsføring

– Me avviser at bileta representerer aktiv marknadsføring av ELØ og øl. Bileta var å finne i slutten av eit bildegalleri på over 100 bilete. Interesserte Facebook-brukarar har slik måtte søke og leite ganske aktivt for å finne bileta. I dei oridnære oppslaga på Facebook har me vore bevisste på ikkje å vise øl eller flaskar, men fokusert på arrangement, opningstider og miljøbilete frå sjølve bryggeprosessen, skriv styreleiar Geir Inge Solberg.

Han meiner det er ei rekkje andre bryggeri i Norge med tilsvarande bilete på sosiale media.

– Me har i oppstartsfasen student andre bryggeri sine heimesider Facebook-profilar, der me finn at svært mange går mykje lenger i sin bildebruk enn det som kjem fram i denne saka.

Fjerna bileta

Likevel er styreleiaren samarbeidsvillig, og har fjerna bilete som kan kome på kant med lova.

– Styret tek kommunen sin kontroll til etterretning. Dei gjeldande bileta vart sletta frå Facebook umiddelbart då me tok i mot varselet frå kommunen. Me vil endre og skjerpe rutinane våre med tanke på opplæring av personell som har ansvar for sosiale media.

Det er ikkje første gong serveringsstadar på øya får kritikk for bildebruk i sosiale media. I fjor sommar fekk to serveringsstadar i Leirvik kritikk frå Stord kommune for publisering av bilete på Facebook.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...

Årets lokalpolitikar!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland, engasjert KrF-politikar. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik.  Årets lokalpolitikar! På fylkesårsmøtet på Sotra i helga blei Harald Rydland utnemnd til årets lokalpolitikar i Hordaland Kristeleg Folkeparti.

Les meir ...

Handballdamene vann klart over botnlaget

17.02.2018 Kjetil Rydland

Ingvild Rimmereid med seks mål mot Lyngbø. Foto: Kjetil Rydland.  Handballdamene vann klart over botnlaget Fitjar IL sitt damelag vann ein klar siger 26-19 over Lyngbø, og har dermed fått ei ørlita...

Les meir ...
annonse

Quiz for historiebøkene!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland. Quiz for historiebøkene! Fredagskveldens quiz...

Les meir ...

Korpsmusikk og publikum fylte Kultursale…

15.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjar skulekorps spela frå ABBA-programmet som dei skal framføra i april. Foto: Kjetil Rydland.  Korpsmusikk og publikum fylte Kultursalen Vakker korpsmusikk, kaffi og god kaffimat og ikkje minst veldig god stemning fekk dei...

Les meir ...

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfe…

15.02.2018 Jonas Sætre

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfestivalen Inger Elin Helland har hatt ansvaret for maten under Fitjarfestivalen i mange år. No er ho valt som ny festivalleiar.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...