Onsdag 21. Februar 2018



Vokalist og bassgitarist Sindre Aam var i storform på Fitjar i går kveld. Foto: Kjetil Rydland. 

Full fest med Vassendgutane

Vassendgutane var i storform i går kveld og trekte heile 750 festglade fitjarbuar og andre til fest i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

 

Dei er vel ikkje heilt blankpolerte, verken i ord eller tonar, men ingen kan trekkja fullt hus i Fitjar som Vassendgutane. Gårsdagens konsert blei eit festfyrverkeri av dei sjelde, og idrettshallen har ikkje vore så full av folk sidan sist Vassendgutane var i bygda, for eit par år sidan. 

 


Ingen skaper trøkk i Fitjar som Vassendgutane. Foto: Kjetil Rydland. 

 
Agnar Aarskog og Ole Bergesen i Fitjar kultur- og idrettsbygg kunne gle seg over rundt 600 førehandsselde billettar til storkonserten. Men etter kvart seig det på med mykje meir folk, og med 750 gjester tangerte Vassendgutane sin eigen "banerekord".


Og bandet gav fansen det dei var komne for. I godt over to timar heldt dei det gåande med eit "trøkk" som me sjeldan eller aldri opplever i Fitjar. Det var tydeleg at Vassendgutane var komne ti sine eigne. Og jubelen stod i taket. 

 
Dagen derpå kan endeleg Ole Bergesen pusta letta ut, etter fleire timars nedrigging og rydding. Dette er det største enkeltarrangementet i Fitjar kultur- og idrettsbygg i år, og Bergesen gler seg over at jobben er gjort. Han understrekar at denne konserten gir eit viktig økonomisk bidrag til drifta.

– Eg håpar og trur at det økonomiske resultatet blir bra, seier han til Fitjarposten. 


Håvard Sele Oma møtte skikkeleg førebudd til konserten. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Ernst Olav Brune på trekkspel, vokalist Arthur Johan Bjørdal og Henning Antonsen. Foto: Kjetil Rydland. 


Fansen tok godt imot Vassendgutane denne gongen òg. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Aldri har me sett fleire folk i idrettshallen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Rune Brautaseth i feststemning på Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. 

Det høyrer med til soga at Raititai Band igjen gjorde ein fin jobb som oppvarmingsband. Men det er vel eit teikn på at ein begynner å dra på åra når kveldens høgdepunkt blir "Ring of fire", med Årstein Tislevoll og kompisane hans. 

 

 
Raititai Band gjorde ein fin innsats om oppvarmingsband. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Kakefeiring med bismak på Joker

20.02.2018 Kjetil Rydland

Magne Skumsnes spanderer kake på kundane i høve 21-årsjubileet i dag. Foto: Kjetil Rydland. Kakefeiring med bismak på Joker I  dag feirar Filialen daglegvarer 21 år, og butikkeigar Magne Skumsnes spanderer marsipankake...

Les meir ...

4H skal vera synlege!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Jens Håkon Birkeland, nyvald leiar i 4H Hordaland. Foto: privat. 4H skal vera synlege! Sist helg var det årsmøte i 4H Hordaland. Over 150 ungdommar i salen og kø på talarstolen lovar...

Les meir ...

Ta opp hundeskiten!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Ta opp hundeskiten! Frå ein hundeeigar som tenkjer på andre har me fått ein klage på respektlause hundeeigarar i Rossneset.

Les meir ...
annonse

Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til t…

18.02.2018 Kjetil Rydland

Turid Bakke Braut vitjar Fitjar kyrkje denne veka.  Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til temakveld i Fitjar kyrkje Både mor og dotter har hatt mykje av oppveksten på Stord. Mange vil...

Les meir ...

God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


OL-gull nesten til Fitjar!

21.02.2018 Kjetil Rydland

Sindre Henriksen ser at lagkameratane hans går inn til gull i lagtempo i dag. (Skjermdump Eurosport) OL-gull nesten til Fitjar! Under dagens i OL-lagtempo på skeiser i Pyeongchang gleid det norske laget...

Les meir ...