Onsdag 23. Mai 2018



Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland.

Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare

Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje ha problem med å «slå rot» på Midtfjellet. Engevik & Tislevoll er på det nærmaste ferdige med fundamenta, etter ein hektisk anleggsperiode i all slags vêr. 

 

Det siste halvåret har Engevik & Tislevoll hatt ti-tolv mann i arbeid med denne presisjonsjobben, som eignar seg best for folk som toler både hardt arbeid og tøffe vêrforhold. 


Prosjektleiar frå entreprenøren har vore Frode Tislevoll, og etter kvart har han fått hjelp av Rune Havn. Det viste seg å vera altfor mykje arbeid for ein mann åleine leggja til rette for all aktiviteten oppe i fjellet. Rune arbeider til vanleg som prosjektleiar på kontoret til Engevik & Tislevoll, men var ikkje vond å be då det blei bruk for ei hjelpande hand ute i felten. 


Store avstandar og logistikkutfordringar

– Det er ei stor utfordring med logistikken, seier ein travel, men blid Rune Havn. 


Ikkje minst er det krevjande med dei store avstandane. Som kjent er det laga fleire mil veg i vindmølleparken, og dei nye vindmøllene ligg spreidd over eit stort område innimellom dei gamle møllene. Engevik & Tislevoll har hatt arbeid på fleire vindmøller samstundes, og då seier det seg sjølv at det blir mykje køyring. 


Rune Havn fortel at han ofte køyrer to-tre mil for dagen for å sjå til at arbeidsfolka til ei kvar tid har det dei treng for å få gjort jobben. Venting oppe på fjellet er naturlegvis ikkje god utnytting av tida.


Øyvind Ingebrigtsen ser ut til å trivast ute i frisk luft. Foto: Kjetil Rydland.


Gode folk!

Rune Havn er ein travel mann, som ikkje sparer seg, men hastar frå vindmølle til vindmølle for å sjå til at folk har det dei treng, og veit kva dei skal gjera. På vegen stikk han òg bortom og sjekkar at alt er som det skal vera på dei andre nye møllefundamenta. 


Han er full av lovord over arbeidsfolka so han har med å gjera. – Folk har stått på, og dei går ikkje heim før dei er ferdige for dagen! seier han. Folk har vore lette å samarbeida med, enkelte dagar har dei måtta stå i storm og regn frå klokka sju om morgonen til over sju om kvelden. Som kjent kan du ikkje berre gå ifrå ein betongjobb om klokka ringjer.


Den travle og ivrige arbeidsleiaren understrekar at det er ein kjekk jobb, det er kjekt å få ting til. Og dei har fått det til, sjølv om dei har knallharde mål. 

 

Strekkbetong – ein spanande teknologi

Fundamentet til mølle 56 er ei av dei siste som blir gjort ferdig. Her er dei i full gang med å spenna opp strekkstaga i søraustkuling den dagen me kjem på besøk. I spissen for denne spesielle operasjonen står svensken Hans Erik Larsson, frå firmaet KB Spennteknikk på Kongsvinger, eit firma med avdeling både i Noreg og Sverige. Den erfarne og blide svensken har arbeidd i 30 år med denne typen arbeid. 


Han fortel at han har vore med på mange bruprosjekt i Noreg, og nemner spesielt Helgelandsbrua. – Den er den finaste jag har gjort! seier han og smiler. Teknologien blir og brukt til dømes på parkeringshus, slik at det blir mindre bruk for søyler som tek opp plass. 

Denne kalde solskinsdagen i bitande søraust kuling har han det faglege ansvaret for å spenna opp staga på mølle 56. 


Til kvart møllefundament høyrer det åtte slike ”røter” som er med og held mølla fast i all slags vêr. Eit stag er eit knippe på 19 wirar som går 12 meter ned i fjellgrunnen. Det blir bora hol i fjellet til kvart stag, og så blir staget tredd ned i holet, og det blir fylt på gysemasse for å festa staget. Dei sprøyter ned ekspanderande betong som er tilsett eit stoff som tar vekk vatnet. Denne massen blir heilt steinhard når han er herda. 



Hans Erik Larsson trer den store jekken inn på wirane. Foto: Kjetil Rydland.

På dei nedste seks metrane er det helt rein wire, slik at staget blir ståande bom fast. Dei øvste seks metrane blir strekte opp og blir ståande permanent i spenn. Til dette bruker dei ein hydraulisk jekk som klarer 500 tonn! Larsson frå Spennteknikk trer den store jekken ned over den meterhøge stubben med 19 wirar som stikk opp av berget, og så strekkjer jekken kablane. 


Larsson fortel at han strekkjer med ei kraft på 420 tonn, og så låser han dei på rundt 370 tonn, og slik blir dei ståande. Då har han strekt wirane ca. 60 millimeter! Dei låser seg ved hjelp av tredelt kona kilar rundt kvar enkelt av dei 19 wirane. Etterpå blir den siste meteren av wirane kutta, og det blir støypt over for å ”forsegla” det fastspente staget. 


Den svenske eksperten på strekkbetong lovar at det vil halda. – Det er heilt sikkert! seier han og smiler lunt i den kalde blåsten. Han har vist seg som ein triveleg mann å samarbeida med. Mangel på samtaleemne i tillegg til det reint faglege, manglar visst heller ikkje. Iallfall ikkje for Håvard Helland – Larsson køyrer nemleg rally!

  


Larsson måler at han har strekt wirane 59 mm. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Kvar wire blir låst av ein tredelt kile. Foto: Kjetil Rydland.

 


Type 3, til høgre på denne skissa frå firmaet Spennteknikk, viser kva type fjellforankring som er brukt på Midtfjellet. Dei øvste 6 metrane av wirestaget blir strekte rundt 6 cm og blir låste i spenn. Illustrasjon: Spennteknikk.

 

Presisjonsarbeid

På kvart møllefundament er det 160 boltar som stikk 1,5 meter ned i betongen. Desse må koma nøyaktig like langt opp. – Det er snakk om pluss minus 2 millimeter, seier Rune Havn. På stålplata har dei endå mindre å gå på – berre 1 millimeter! Dette er sjølvsagt krevjande å få så nøyaktig på ein så stor jobb. For å letta arbeidet kjøpte Rune Havn inn eit elektronisk skyvelêr. 


Rune Havn med det elektroniske skyveleret som letta arbeidet mykje. Foto: Kjetil Rydland.

 
Det er altså ikkje nok å vera grovarbeidar i fjellet, jobben må gjerast heilt nøyaktig. Endå meir imponerande blir dette når du tenkjer på at det blir brukt rundt 100 kubikkmeter betong og 17-18 tonn armering til kvart møllefundament. 

 
Etter støyping må fundamenta herda i to-tre veker før dei kan gjerast ferdige. Det er viktig med jamn temperatur for at betongen skal herdast skikkeleg. Derfor dekkjer dei til fundamenta med vintermatter og presenning.

 
Rune Havn avslutta dagen med ein runde til forskjellige fundament for å forsikra seg om at isolasjonen var på plass på fundament i Midtfjellet, ved Landasåto og i høgaste Handfjellssåto. Såleis fekk me eit godt inntrykk av avstandane i fjellet. Me fekk og eit godt inntrykk av arbeidsforholda dei barske forholda. Den labre søraustlege brisen i låglandet var bitande kuling i fjellet. 

– Det er ikkje uvanleg at vêret er mykje tøffare i fjellet, seier Rune Havn. 

Og me kan konstatera at dette ikkje er ein jobb for pyser!


Frå oppspenning av stag på mølle 56. Foto Kjetil Rydland.  

 


Her ligg isolasjonen på plass. I bakgrunnen Landahytta. Foto: Kjetil Rydland.

 


Her ser me at det er støypt over strekkstaga. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Litt fleire terner i år?

20.05.2018 Kjetil Rydland

Terna går inn for landing. Foto: Kjetil Rydland.  Litt fleire terner i år? I mai set makrellternene sitt preg på fuglelivet i Havn med sin karakteristiske vellyd, og det kan sjå ut som...

Les meir ...

På handballfestival i strålande pinstivê…

19.05.2018 Kjetil Rydland

Kjekt på Handballfestivalen; f.v. Elisabet, Elise, Runar Øvrebø (gymlærar for jentene), Tomine og Andrine.  På handballfestival i strålande pinstivêr Hanballfestivalen på Stord er i full gang i ideelt festivalvêr, og Fitjar er...

Les meir ...

Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...
annonse

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Glimt frå Handballfestivalen

20.05.2018 Kjetil Rydland

Tolvårslaget ståande bak med trenar Karen Elisabet R. Sæbø t.h. Framme ligg tre jenter frå elleveårslaget. Foto: Kjetil Rydland.  Glimt frå Handballfestivalen Fitjar har hatt seks lag i aktivitet under Handballfestivalen, og...

Les meir ...
annonse