Måndag 19. Februar 2018



Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH. 

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i 2016, kan gå mot ei ny blomstringstid etter at heile første etasje no er leigd ut til næringsformål. Om eit par veker blir det blomsterbutikk og kaffistove i lokalet som vender mot gata. 

 

Allereie 1. februar vil Galleri Flora ha flytta inn i første etasje i bankbygget, og arbeidet med å innreia lokalet til blomsterbutikk er i full gang. Ved sida av blomsterbutikken vil det bli ei lita kaffistove, opplyser Martin Nysæther i selskapet Todlak AS.

 


Martin Nysæther og huseigar Todlak AS er i full gang med å innreia bankbygget til kaffistove og blomsterbutikk for Lise K. Grimen, t.h. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Bankygget er eigd av Todlak AS, bak dette selskapet står Victor Aga, Arild Træet, Einar Waage, Frode Brakedal og Martin Nysæther. Dei kjøpte i si tid bankbygget for å vera med og skapa liv i sentrum. I etasjane over gateplanet er det leilegheiter som alle er selde og i bruk. I kjellaren er det òg ei leilegheit; denne er utleigd. 

 
Gateplanet vil dei absolutt nytta til næringsverksemd, seier Martin Nysæther. Heile fronten i 1. etasje, ut mot sjøen, leiger dei ut til Asbjørn Vik i Heimli Ship Design. Men dei ville gjerne ha næringsverksemd i heile denne etasjen, og blei svært oppglødde då førespurnaden frå Galleri Flora kom. 

 
Lise Katrine Grimen ville flytta for å få eit betre eigna lokale til blomsterbutikken sin. Ho har hatt det bra hos Larsen, mellom Spar-butikken og MX Sport, men lokalet ligg litt upraktisk til. I bankbygget for ho det romslegare, og så blir det mykje kjekkare å bruka plassen rett framfor butikklokalet. 

 – Her blir det meir oversiktleg seier Lise Katrine, eg kan gå ut og vatna plantene utan å missa oversikt over butikken inne. 

 
Arealet blir ikkje særleg mykje større totalt, ca. 90 rutemeter, men det blir meir ope, og her får ho vera med og byggja opp alt i lag med utleigar. Dei har alt fått på plass eit nytt kjølerom i svart, som er fargen til Interflora. Lise Katrine fortel at ho naturlegvis held fram i Interflora-kjeda, og vil framleis har rundt to heile stillingar i verksemda. 

– Det er aldri kjekt å missa ein leigetakar, seier Odd Sverre Larsen til Fitjarposten. Men han understrekar at det er positivt at blomsterbutikken held fram drifta si i Fitjar sentrum. Han ser òg at blomsterbutikken vil vera praktisk for blosterhandelen å få eit uteareal tettare knytt til butikken når dei flyttar. Han understrekar at Galleri Flora har vore ein stabil og god leigetakar. No må han gå i gang med å finna ei god løysing for arealet som blir ledig. 

 
Galleri Flora har berre bruk for rundt halvparten av det opne lokalet i banken, og dermed fekk utleigaren ei utfordring, for dei hadde ikkje lyst å la det stå eit tom rom like ved sida av blomsterbutikken. Dette problemet blei løyst då dei kom opp med den lyse ideen å etablera ei kaffistove i denne delen av lokalet. Her vil dei setja opp ein heilautomatisk kaffimaskin med ulike typar kaffi, kakao og varmt vatn til te. 

– Me har gjort avtale med Pelican Rouge, seier Martin Nysæther, og i tillegg vil me selja enkle kioskvarer som brus, is og sjokolade. 

 
Men han understrekar at det ikkje vil bli produksjon av mat. Dei er opptekne av å dekka behovet for dei som vil setja seg ned og ta ein prat. Lise i blomsterbutikken vil ta mot betaling; ho reknar med at det vil ho ha høve til. 

 
Martin Nysæther vil òg tilby lokalet til lag og organisasjonar, som ein bygdekafé. Han ser for seg at det kan vera lag og organisasjonar som har lyst å låna lokalet til styremøte og andre mindre samankomstar. Det kan dekkast til 40 personar, så det bør vera eit aktuelt lokale for til dømes konfirmasjonar. Kafeen eller kaffibaren har fått namnet Kaffiståvo, og på Facebook vil dei etter kvart leggja ut informasjon om konseptet. 

 
Slik det er no, blir det ikkje matproduksjon, men det skal ikkje store investeringar til for å gjera det til eit godkjent kjøken, undrestrekar Martin Nysæther. Derfor håper han at nokon vil bli trigga til å driva ein serveringsstad med eit litt breiare tilbod i lokalet. Han ser meir enn gjerna at interesserte tar kontakt. Han er ikkje i tvil om at det er eit godt eigna lokale, ikkje minst fordi dei eig området utanfor.

– Der vil det koma på plass bord og stolar når godvêret kjem til våren. Me som huseigar ønskjer liv i sentrum! understrekar han.

 
Lise Katrine ser lyst på å få ein kafé ved sida av blomsterbutikken sin, det vil skapa liv i lokalet. No bruker både ho og huseigar lange kveldar på å pussa opp lokalet. Ho har fått nytt golvbelegg, og vegger og tak er nymåla i ein lys gråtone. Treverket frå midt på 1980-talet har begynt å mørkna, men no framstår lokalet som lyst og triveleg.  

 
Blomsterhandlaren gler seg veldig til å koma inn i nytt lokale, og det kan sjå ut som om bankbygget går ei ny blomstringstid i møte.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...

Årets lokalpolitikar!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland, engasjert KrF-politikar. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik.  Årets lokalpolitikar! På fylkesårsmøtet på Sotra i helga blei Harald Rydland utnemnd til årets lokalpolitikar i Hordaland Kristeleg Folkeparti.

Les meir ...

Handballdamene vann klart over botnlaget

17.02.2018 Kjetil Rydland

Ingvild Rimmereid med seks mål mot Lyngbø. Foto: Kjetil Rydland.  Handballdamene vann klart over botnlaget Fitjar IL sitt damelag vann ein klar siger 26-19 over Lyngbø, og har dermed fått ei ørlita...

Les meir ...
annonse

Quiz for historiebøkene!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland. Quiz for historiebøkene! Fredagskveldens quiz...

Les meir ...

Korpsmusikk og publikum fylte Kultursale…

15.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjar skulekorps spela frå ABBA-programmet som dei skal framføra i april. Foto: Kjetil Rydland.  Korpsmusikk og publikum fylte Kultursalen Vakker korpsmusikk, kaffi og god kaffimat og ikkje minst veldig god stemning fekk dei...

Les meir ...

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfe…

15.02.2018 Jonas Sætre

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfestivalen Inger Elin Helland har hatt ansvaret for maten under Fitjarfestivalen i mange år. No er ho valt som ny festivalleiar.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...