Sundag 21. Januar 2018


Brenda opnar kunstutstilling på Galleri Losjen i Fitjar

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

Brenda Mata (28) har alltid hatt ein lidenskap for kunst. No debuterer ho som kunstutstillar på Fitjar.

- Inspirasjonen hentar eg frå kvardagen og folk eg møter. Me blir jo påverka av kvarandre i måten me kommuniserer på. Av og til forstår du, av og til misforstår du. Sånn sett er alle menneske interessante, seier Brenda Mata.

Laurdag 20. januar inviterar ho til opning av kunstutstillinga si på Galleri Losjen på Fitjar. Dette er første gang ho har utstilling i Noreg.

Kunstnaren har jobba med verka sine i ein periode på 2-3 år. Det å skulle vise fram sitt innerste kjenslespekter for publikum satt langt inne. No har ho tatt motet til seg og er klar for å vise fram kunsten.

- Plutseleg får eg slike augneblink, der eg berre må bestemme meg. Det er ein del av meg. Det er typisk Brenda.

Kjærleik, glede og frustrasjon

“Universal beings” er ei utstilling som handlar om kjensler og opplevingar som er typiske for menneske. Kjensler som ikkje nødvendigvis kjem til syne på overflata, men som sit djupt inni oss.

Gjennom utstillinga prøver Mata å formidle korleis me blir påverka av andre og korleis me sjølv påverkar andre.

- Normene i samfunnet kan ofte legge ein dempar på korleis me utrykker kjensler. Anten du er mor, kjærast eller dotter. Det finns mange idear om korleis ein skal oppføre seg. På den måten kan kjenslene fort bli blokkerte. Samfunnet presser deg gjerne i ei retning, utan at du får moglegheit til å reflektere over dine egne tankar og kjensler, seier ho.

- Utstillinga handlar om kjærleik, glede, frustrasjon og spenning – slik som alle kjenner på til tider.

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

Stort fargespekter

Brenda er utdanna industridesigner med spesialisering i bildesign frå Universidad de Monterrey i Mexico. Ho likar å utforske kreativiteten sin gjennom blant anna måleri og teikningar. Personleg trur ho at alle har sin særeigne måte å få fram kunsten på.

- Min idé av kunst er at alle har noko å utrykke. Du treng ikkje nødvendigvis samanlikne deg med andre ekspertar og kunstnarar, meiner Mata.

Når utstillinga opnar neste veke vil ho vise fram over 30 måleri, illustrasjonar og teikningar. Kunstnaren legg ikkje skjul på at utstillinga har preg av mykje fargar.

- Då eg flytta til Stord, kom eg i kontakt med ein dyktig kunstnar på øya. Han likte måleria mine, men meinte det blei for mykje fargar for nordmenn og at det ikkje kom til å selje så godt. Då han sa dette, blei det til at eg ikkje jobba så mykje med kunst det første året.

Glad i menneske

- Trur du nordmenn generelt har ein tendens til å blokkere kjensler?

- Eg trur folk utrykker ting forskjellig. I Latin-Amerika er me kanskje meir direkte, avslappa og opne om det me tenker. Samtidig er nordmenn veldig strukturerte og balanserte. Dette er positivt, seier Mata.

- Av og til føler eg at eg er litt asosial. Eg kan fort bli lei av å delta på for mange sosiale settingar. Men på den andre sida er eg veldig glad i menneske og interesserer meg i dei. Me er jo avhengig av kvarandre.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...
annonse
annonse

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...