Onsdag 18. Juli 2018



Biblioteksjef Silje Torbjørnsen ser fram til å treffa historieinteresserte og andre kjekke folk på biblioteket i morgon kveld. Foto: Kjetil Rydland.

Litteraturkveld med lokalhistorie

I morgon kveld blir det litteraturkveld på Fitjar folkebibliotek med presentasjon av lokalhistorie frå Fitjar. 

 

Biblioteksjef Silje Torbjørnsen lokkar historieinteresserte til samling på Fitjar seniorsenter i morgon kveld. Denne gongen kan ho freista med presentasjon av dei nyaste historiske bøkene frå Fitjar, og opplesing ved forfattarane. 

 

Fitjarminne – ein fin tradisjon

Det har etter kvart blitt tradisjon at Fitjar sogelag gir ut historieheftet "Fitjarminne", og fjorårets utgåve er den femte i rekkja. 2017-årgangen står ikkje noko til atters for dei me har sett før. Også denne gongen er det Magnar Kloster som har vore teknisk redaktør. I morgon vil han vera med og lesa frå det nye heftet, som blei lansert før jul. 

Blant bidragsytarane finn me, i tillegg til redaktøren, Per Vestbøstad, Lars Rimbereid, Svein Ove Tislevoll, Sara Vatne (f. Henriksen), John Harald Sortland og Jakob Vik. Heftet blir avslutta med den flotte prologen som Knut Rimbereid las opp 17. mai 1978.

 
Me som er medlemmer i Fitjar sogelag, fekk heftet utlevert under lanseringa på Fitjar seniorsenter før jul. Dersom du ikkje er medlem, og ikkje har fått tak i heftet, får du sikkert lyst til å kjøpa etter å ha høyrt Magnar Kloster lesa utdrag i morgon.

 

 Isak Koløen – Fitjars største son!

I fjor kom endeleg boka om Isak Koløen og firmaet som i mange år var blant dei største og vitigaste arbeidsgivarane i distriktet vårt. Det er Harald Johan Sandvik og Håkon C. Hartvedt som har ført boka i pennen, om firmaet og den driftige forretningsmannen som Peder Nilsen Aga karakteriserte som "Fitjars største son". 


Det var ein dag i fjor vinter dette spørsmålet kom frå Klement Koløen, seier Hartvedt: – Vil du laga ei bok om Isak Koløen og etterkommarane hans? Bak spørsmålet stod dei fire brørne som hadde vore aktive i firmaet Isak Koløen; Svein, Kjell, Tor og Klement. 


Håkon Hartved og medforfattaren Harald johan Sandvik kan lokka med glimt frå ei til dels dramatisk soge når dei i morgon fortel om den nye boka og om arbeidet med henne. Her er det både morosame og djupt alvorlege episodar om einannan.


Sjå elles kva me skreiv på Fitjarposten før boka "Firmaet som sette KOLØYO på kartet" blei lansert før jul. 

 


Parhestane Harald Johan Sandvik og Håkon C. Hartvedt vil presentera boka "Firmaet som sette KOLØYO på kartet. Foto: FP-arkiv/KR.


Som om ikkje dette skulle vera nok, kan Silje denne gongen lokka med biletframsyning. Harald Westerheim blir med og syner bilete frå den store samlinga til Fitjar kommune. Desse ligg lagra på ein PC som er tilgjengeleg for ålmenta når Fitjar folkebibliotek er betjent, seier Silje Torbjørnsen. I morgon vil Harald Westerheim visa folk korleis dei kan søkja sjølv i bileta. 

– Det blir enkel servering også! fortel Silje Torbjørnsen til slutt, og håpar rettteleg mange møter om til ei triveleg stund med lokalhistorie. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...
annonse
annonse

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...

Torstein med «Team Yaristan» til Mongoli…

13.07.2018 Kjetil Rydland

Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo i dag. Foto: Privat. Torstein med «Team Yaristan» til Mongolia! Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal...

Les meir ...

Skittsak for Kulturhuset!

13.07.2018 Kjetil Rydland

Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Skittsak for Kulturhuset! Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Vandring i elveleiet til Tveitaelvo

16.07.2018 Kjetil Rydland

Her starta elvevandringa, vel hundre meter nedanfor Botnavatnet. Foto: Magne Røed.  Vandring i elveleiet til Tveitaelvo Tveitaelvo er ei av dei mest vassrike elvane våre, og renn frå Botnavatnet forbi Dalshaugane og...

Les meir ...
annonse