Måndag 22. Januar 2018



MF "Vågsøy på plass i Sandvikvåg. Foto: Kjetil Rydland.

Fjord1 har overteke Austevolls-ferja

Ved årsskiftet tok Fjord1 over sambandet Husavik–Sandvikvåg og det andre sambandet til Austevoll, Hufthamar–Krokeide.



Fjord 1 tek over ei rekkje samband i Hordaland: Leirvåg–Sløvåg, Fedje–Sævrøy, Hufthamar–Krokeide, Hatvik–Venjaneset, Halhjem-Våge, Langevåg–Buavåg og altså Husavik–Sandvikvåg.  


Inntil vidare er det MF "Vågsøy" som skal trafikkera Austevolls-ferja frå Sandvikvåg. Denne ferja tar 42 bilar og er bygd i 2009. Ho har ikkje tradisjonell baug, eller "haikjeft" som enkelte av oss likte å kalla det. Derfor meiner enkelte at ferja for open til å duga på den tøffe Selbjørnsfjorden. 



MF "Vågsøy" har ikkje lukka baug som dei ferjene me er vane med. Foto: Kjetil Rydland. 


Regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1 seier til Fitjarposten at han trur det vil gå bra. Han legg til at dei vil ha MF "Eid" liggjande i reserve. Den kjem til våre farvatn i løpet av denne veka. Dette er ei 50-bilars ferje som liknar meir på MF "Herlaug", som Fosen-Namsos har hatt i sambandet dei to siste åra. 


Då me var om bord i MF Vågsøy" i føremiddag, var det dårleg med servering. Men etter kvart vil dei få opp automatar til kaffi og truleg svele.

– Me vil testa oss fram til kva som høver best, seier regionleiar Kristoffersen til Fitjarposten. 


Når me kjem ut i mai, vil truleg "Vågsøy" ha gjort jobben sin her hos oss. Då er nemleg den nye MF "Husavik" ferdig og klar til å trafikkera sambandet. Dette er ei splitter ny elferje på 38 personbileiningar, som i desse dagar blir bygd ferdig på Havyard i Leirvik i Sogn.


Tor Kristoffersen reknar med at overgangen til elferje vil gå greitt. Det trengst nye lade- og fortøyningsarrangement på begge sider av fjorden, med det er ein overkomeleg jobb. 


Avgangstidene for ferja frå Sandvikvåg finn du på denne linken til Fjord1. Rutene vil truleg gjelda for heile året 2018, seier Kristoffersen i Fjord1 til slutt. 



MF "Herlaug" seglar ut frå Sandvikvåg. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Fine skiløyper, varme pølser og god stem…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.  Fine skiløyper, varme pølser og god stemning Fitjarfjellet lokka med...

Les meir ...

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...
annonse
annonse

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...