Tirsdag 16. Januar 2018


 

Vegen Rimbareid-Vik er asfaltert, og det er kome gatelys. Det er difor ikkje lenger naudsynt med ekstra skyss grunna farleg skuleveg.
Foto: FP-arkiv/KR

Slutt på ekstraskyssen

Den ekstra skuleskyssen i samband med utbygginga på vegen Rimbareid - Vik tek slutt ved nyttår.

Slik skriv Fitjar kommune det på heimesida si: 

«All skyss grunna farleg skuleveg for elevane frå Vik og Hungersdalen utgår med verknad frå 01.01.2018. Det same gjeld for dei som no har fått skyss over Vikaleite og langs FV 75 Øvrebygda. Vegen vert asfalteret før jul og lysanlegget skal være ferdig og kobla på innen 02.1.2018, og ein tek sikte på normal trafikk uten ekstratiltak frå denne datoen.»

At vegen no er asfaltert, og veglys er kome på plass, kan du lesa her.

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...

Badesesongen i full gang

14.01.2018 Kjetil Rydland

Ikkje akkurat Syden, men Leander Træet slappar av i bassenget. Foto: Kjetil Rydland.  Badesesongen i full gang Bassenget på Rimbareid skule er ope for ålmenta kvar måndag, bortsett frå i skuleferiane. 

Les meir ...

Zumbafeberen herjar igjen!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Spreke damer på zumbamaraton i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Trude Strand. Zumbafeberen herjar igjen! I dag har over 30 spreke damer gjennomført ein tre timars zumbamaraton, den første i på Fitjar...

Les meir ...
annonse
annonse

Vipe på Fitjar i dag!

13.01.2018 Kjetil Rydland

Vipa er ein flott fugl. Foto: FP-arkiv/KR.  Vipe på Fitjar i dag! I dag fekk Fitjarposten årets første melding om at det er observert vipe på Fitjar.

Les meir ...

Handballjubel

13.01.2018 Kjetil Rydland

  Jentelaget til Fitjar jublar etter siger over Sotra Foldnes 2. Foto: Kjetil Rydland.  Handballjubel  Fitjar IL var vertskap for eit solid knippe handballag i dag, og dei som ikkje kom seg ut i det...

Les meir ...

Vassendgutane klare for årets storkonser…

12.01.2018 Jonas Sætre

Vassendgutane klare for årets storkonsert på Fitjar Førre gong Vassendgutane vitja Fitjar møtte heile 800 opp til konsert. Det svarar til over ein fjerdedel av alle innbyggjarane i kommunen.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"