Fredag 19. Januar 2018



Bård Inge Bø nytta høvet til å bli «detronisert» som den beste høgdehppparen på Stordøya, sjølv om han går over 1,75 her. Foto: Kjetil Rydland.

Sterk Fitjar-innsats i romjulsfriidrett

Fitjar Idrettslag stilte med ein fyldig tropp under romjulsstemnet i friidrett på Vikahaugane i går, og som vanleg gjorde dei ein fin figur.


Fitjar stilte med heile 14 deltakarar under romjulsstememnet i friidrett på Vikahaugane i går. Dermed var dei den største troppen i eit stemne som talde rundt 40 deltakarar til saman. Dei andre kom frå Stord, Bremnes og Trio, i tillegg til Sigurd Njerve og dotter hans, som kom frå Bergen 

 


Den gamle kjenningen Runar Øvrebø var som vanleg sterkt til stades, her intervjuar stemnespeakeren Julian Skimmeland Aasheim, som nett har sett ny personleg i rekord i høgde med 1,75 meter. Foto: Kjetil Rydland.  

 

Tometersmannen vår i høgde, langbeinte Bård Inge Bø, sa på førehand at han hadde planar om å bli «detronisert» som den beste høgdehopparen på Stordøya. Han meinte den unge stordabuen Julian Skimmeland Aasheim, som med sine 15 år er 26 år yngre, burde slå han. Og det gjekk slik Bård Inge spådde, men berre med hårfin margin. Begge dei to duellantane stoppa på 1,75, og ungdommen vann konkurransen på færre riv. 

 
Elles viste fitjarbuane framifrå sprint- og hopptakter på Vikahugane, og noterte seg for fleire personlege rekordar. Dei mest solide persane stod truleg elleveåringane Marius Pedersen og Bjart Sandvik Bø for. Marius sveva heile 4,30 meter uti lengdegropa, og Bjart persa med 15 cm i høgde til 1,20 m. Elles svinga Marius seg over 1,25 meter i sin høgdekonkurransedebut! Føyer ein til Marius sin 60 meter på 9,33, pers med om lag eit tidel, ser ein at dette er ein kar som får betalt for å ha lagt ned eit solid treningsarbeid i haust. Bjart Sandvik Bø persa også klart på 60 meter med 10,33.

 
Blant dei som var eitt år eldre, stilte Marius K. Vik, Andreas Auestad og Johannes Sandvik Bø (alle 12). Johannes sitt 1,35-hopp i høgde var blant dei sterkaste resultata poengmessig under stemnet. Andreas viser flott spenst ved å svinga seg over 1,20 i sin første høgdekoknurranse på to år. Og Marius Kongestøl Vik har jamn framgang i lengde med 3,54 og slengte 3-kiloskula 6 meter av garde. 1,10 i høgde var også rett bak persen, som er 1,12 meter.


På 60 meter klokka dei tre karane inn til: 9,30 (pers) på Johannes, 9,58 (pers) på Andreas og 10,22 (pers på 9,9) på Marius. Eirik Torbjørnsen (13) klora seg til blods i høgdekonkurransen, men det hindra han ikkje i å strekkja seg til 4,14 m i lengde. Eldstemann, Marius Torbjørnsen (15), sette tre sterke persar. 1,50 i høgde; her hadde han hårfine riv på 1,55. På 60 meter fekk han endeleg godkjent tid ned på 8-talet med 8,90, og til slutt blei det 4,65 meter i lengde.

 
Av jentene var Anna Sandvik Bø (14) mest nøgd med lengdekonkurransen, der ho landa på 4,23 meter, som er litt bak persen hennar.  60-meteren på 9,08 og høgdehoppet på 1,30 meter er også litt bak pers. Caroline Nilsen (16) deltok i kule, og sette ein flott pers med 7,20 meter. Rekruttane Olve Torbjørnsen, Tori Torbjørnsen og Mikael Vik leverte elles fine prestasjonar i lengde og på 60 meter.

 


Startar Nils Hetleflåt har sendt av garde Mikael Kongestøl Vik (kvit drakt) og Bjart Sandvik Bø (grøn drakt) på 60 meter. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Marius Pedersen fresar i mål til ny personleg rekord på 60 meter med 9,33. Foto: Kjetil Rydland.

 


Marius Kongestøl Vik på 60 meter. Foto: Kjetil Rydland.

 


Anna Sandvik Bø blei spurv i tranedansen i den skarpe høgdekonkurransen, men her snik ho seg over 1,30. Foto: Kjetil Rydland.  

 


Far og son Bø følgjer godt med, men følgjer dei med på det same? Foto: Kjetil Rydland. 

 


Rekrutt Tori Torbjørnsen kastar seg ut i lengdegropa. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Fitjarbuane har eit stykke opp til denne mannen, her ser me tresteghopparen Sigurd Njerve i kuleringen. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...
annonse
annonse

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholm…

15.01.2018 Jonas Sætre

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholmen innan fristen Sjølv om leigeforholdet med Fitjar kommune gjekk ut ved nyttår har dei frivillige endå ikkje rydda ut av den kulturhistoriske eigedomen.

Les meir ...

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...

Badesesongen i full gang

14.01.2018 Kjetil Rydland

Ikkje akkurat Syden, men Leander Træet slappar av i bassenget. Foto: Kjetil Rydland.  Badesesongen i full gang Bassenget på Rimbareid skule er ope for ålmenta kvar måndag, bortsett frå i skuleferiane. 

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...