Onsdag 24. Januar 2018



Vinnar i dameklassen blei Anne Brakedal t.v. framfor Anne Helene Vestbøstad t.h. og Charlotte A., Levåg på tredjeplass. Foto: Kjetil Rydland. 

Ein annleis romjulscup på Fitjar

Fitjar IL gjentok suksessen frå i fjor og skipa til romjulscup i idrettshallen i går, og me fekk sjå mange jamne, gode kampar.

 
Grunnen til at kampane var jamne, var den spesielle måten laga blei sette opp denne gongen. Interesserte spelarar melde seg på enkeltvis, og så blei dei plasserte på dei ulike laga etter trekning. Her blei spelarane seeda, for å få jamne lag.

 

Påmeldinga svarte vel ikkje heilt til forventninga til arrangøren denne gongen heller. Men resultatet blei etter kvart ein del gode kampar med bra sportsleg nivå. Dei 24 påmeldte herrespelarane blei delte inn i fire relativt jamne lag, med namn frå Fitjarøyane: Svelto, Kråko, Fodno og Matløyso. 

 

I dameklassen var det berre 12 påmelde spelarar. Derfor blei det ikkje sett opp faste lag i denne klassen, men damene rullerte mellom ulike lag i dei fire kampane. Resultat i kvar kamp gav dei enkelte spelarane poeng, og til slutt blei det kåra ein vinnar som hadde sanka flest poeng i løpet av damekampane. 

 

Høgst fortent vinnar i dameklassen blei Anne Brakedal, framfor Anne Helene Vestbøstad. Kampen om tredjeplassen blei meir dramatisk, det måtte straffesparkkonkurranse mellom seks spelarar til. Først etter fem straffespark kunne Charlotte A. Levåg jubla over å å slege ut Martine Hareide og dei andre skarpskyttarane.  

 

I herreklassen drog dramatikken seg til i semifinalane. Kråko stilte med ein altfor offensiv og slepphendt keeper, og måtte sjå Fodno gå til finalen med ein klar 3-0-siger. I bronsefinalen fekk kråkespelarane ein viss revansje. Me fekk sjå ein nydeleg lobb av Åsmund Sørfonn, kontrollert i vinkelen over keeper Jonas Yang Tislevoll. Og ikkje minst årets mål i Fitjar, då Ingve André Strand dribla alle motspelarane sine fleire gonger før ballen gjekk til medspelar som scora. 

 

Herrefinalen blei ein jamn batalje mellom Fodno og Svelto. Fodno med Ruben Træet i mål kjempa lenge godt og fekk ei scoring ved Svein Arne Jordan Raunholm. Men Svelto blei etter kvart for sterke, og vann 3-1. Dagens mann blei Mats Brakedal, som scora alle tre måla for vinnarlaget. 


Som vanleg når Fitjar Idrettslag skipar til fotballcup, gjekk arrangementet knirkefritt. Alle kampane blei avvikla nesten heit etter oppsett klokkeslett, og i 21-tida i går kveld var dei verdige vinnarane kåra. Magne Blokhus kom over Morkjo for å dømma, og gjorde ein fin figur, saman med Roald Magne Nilsen. Arrangementskomiteen med Rune Brakedal, Åsmund Sørfonn, Emil Sørfonn og Geir Bjarte Hatlevik skal ha all ære av innsatsen. 

 


Vinnarlaget Svelto, f.v. Henrik R. Kjelling, Mats Brakedal, Jøran Aleksandersen, Mads D. Helland, Magnus Raunholm, Øyvind Rydland og Markus Gerhardsen. Foto: Kjetil Rydland

  


Dommarane Roald M. Nilsen og Magne Blokhus fekk sin velfortente premie for innsatsen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Ingve André Strand er norsk meister, men ikkje i fotball. Her melder han truleg frå om årets scoring i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Jubel på sidelinja etter årets raid av Ingve André Strand. Foto: Kjetil Rydland.

 


Ikkje greitt å vera Åsmund Sørfonn når Daniel Skarpnes skyt. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Henrik R. Kjelling har for lengst lurt keeper, og Mats Brakedal gjer seg klar til å setja inn returen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Emil Sørfonn og Geir Bjarte Hatlevik i arrangørstaben har full kontroll. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

VM-bronse til Onar

22.01.2018 Kjetil Rydland

Brørne Harald og Onar Westerheim på skeisebanen i Baselga. Foto: Privat.  VM-bronse til Onar Westerheim-brørne Onar og Harald Westerheim gjorde ein sterk innsats under skeise-VM for veteranar i Italia, og Onar sikra...

Les meir ...

Meiner ølbryggeriet på Fitjar bryt forbo…

22.01.2018 Jonas Sætre

Meiner ølbryggeriet på Fitjar bryt forbodet mot alkoholreklame Fitjar kommune meiner ølbryggeriet En Liten Øl publiserer ulovleg alkoholreklame på Facebook.

Les meir ...

Marius Pedersen vann Norna-lekene på kna…

22.01.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen, friidrettsgut i rivande utvikling, vann Norna-lekene suverent. Foto: FP-arkiv/Kjetil Rydland. Marius Pedersen vann Norna-lekene på knalltid! Under Norna-lekene i Åsane i helga vann Marius Pedersen både lengde og 60 meter...

Les meir ...
annonse

Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal

22.01.2018 Kjetil Rydland

Ailin Vik med premien for årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal 2017. Foto: Ole Vidar Helland, Fitjar Racing Team.  Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal Under årsmøtet til NMK Vikedal i helga blei...

Les meir ...

Full fest med Vassendgutane

21.01.2018 Kjetil Rydland

Vokalist og bassgitarist Sindre Aam var i storform på Fitjar i går kveld. Foto: Kjetil Rydland.  Full fest med Vassendgutane Vassendgutane var i storform i går kveld og trekte heile 750 festglade...

Les meir ...

Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Feirar 70-årsdagen med konsert

23.01.2018 Kjetil Rydland

Herman Inge Aadland, ein sprek 70-åring. Foto: Privat. Feirar 70-årsdagen med konsert Gamlepresten i Fitjar, Herman Inge Aadland, inviterer til open bursdagskonsert i Fitjar kyrkje laurdag 27. januar kl. 14.00. 

Les meir ...