For berre nokre få veker sidan vart den siste gapahuken Toralf Røen (i midten) har stått i spissen for avduka. Foto: Privat.

– Heilt uventa, men grådig kjekt.

Det seier Toralf Røen til fitjarposten.no etter at han i kveld fekk vita at han får Fitjar kommune sin Kulturpris for 2017.

I grunngjevinga for prisen heiter det: 

«Toralf Røen har lagt til tilhøva til rette for at folk skal komma seg til fjells på trygge stiar og finna ly og trivsel på turane. Han pådrivar for å få bygd ei rekkje gapahukar, og han har gjort ein stor del av arbeidet på dugnad. 

Han har gjort eit viktig arbeid med skilting av fjellturar og andre turløyper.  Han har også laga infotavler med kulturformidling rundt om i kommunen. Han har jamt og trutt vedlikehalde kulturløypa i sentrum.

Han har jobba  svært aktivt med å få på plass Fitjar seniorsenter og utover det bidrege med å skape kulturaktivitetar for eldre.  

Han er ei eldsjel av dei sjeldne, og ein særs verdig kandidat for Fitjar kommune sin kulturpris.

Han arbeider stadig med nye idear som vert sette i verk fortlaupande, til beste for innbyggarane i Fitjar.»

– Kjekt å gjera det kjekt for andre
Mellomittelen ovanfor er på mange måtar drivkrafta bak det Røen gjer. – Det begynte rundt 1960 då eg laga eit leikestativ til bruk på Selevik skule, eit stativ som framleis står, fortel Røen til fitjarposten.no, og syner til eit ord frå far sin. – Me må kunna gjera kvarandre ei beina utan å heile tida venta å få noko att for det», skal han ha sagt, og dette har Røen bore med seg vidare. Og så har det berre fortsett med det eine etter det andre, som nemnt i grunngjeving for prisen.

Rydlandssaga neste?
Men Røen har slett ikkje tenkt å leggja inn dugnads-årene. Det neste prosjektet vonar han må bli å få rusta opp Rydlandssaga. – Dette er eit svært viktig kulturminne som me få gjort noko med, seier han, og vonar at han får med seg gode krefter på dette prosjektet og.

– Me har mange ressursar i Fitjar, og folk blir lett med på dugnad om me ringjer dei og spør om hjelp, seier kulturprisvinnar Toralf Røen, til slutt.

Toralf Røen fekk i kveld blome-vitjing av ordførar Wenche Tislevoll og kultursjef Bente Bjelland. Foto: Privat