Tirsdag 23. Januar 2018


Bjarne Kvernenes og kona Gunn. Her flankert av ordførar Wenche Tislevoll (t.v.) og kultursjef Bente Bjelland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Næringsprisen til Kvernenes båtbyggeri AS

Fitjar kommune sin næringspris for 2017 går til  Kvernenes Båtbyggeri AS.

«Kvernenes Båtbyggeri AS har drive i rundt 70 år sidan firmaet vart starta av Ole Kvernenes i slutten av 1940 åra. I dag er det sonen Bjarne Kvernenes som er dagleg leiar i firmaet. Dette er eit båtbyggeri som har utvikla seg, og modernisert seg i takt med utviklinga til kundane sine! Alt frå trearbeid på til dels gamle båtar til utvikling og nytenking innanfor oppdrettsnæringa!», heiter det i grunngjevinga til prisen.

Overraskande
Til fitjarposten.no seier Bjarne Kvernenes at dette var ei overraskande, men svært kjekk melding å få. – Fint å sjå at folk har lagt merke til det me har gjort, smiler han.

Mykje det same som tidlegare
– På sett og vis jobbar me framleis med mykje av det same som då me starta. Framleis repararer me båtar, driv med vedlikehald og monterer maskinar, men det er sjølvsagt stor utvikling på det tekniske området, ikkje minst innan elektro. Dessutan driv me meir med klassing no enn tidlegare. Her er det nye reglar og relativt stor aktivitet. Arbeid på trebåtar er det meir eller mindre slutt med, men skulle no ein trebåt renna på land, skal me nok klara å fikse han, seier Bjarne. Mellom båtar dei har hatt på slipp kan me mellom anna nemna redningsskøyter.

198 nybygg
Tidlegare stod Kvernenes Båtbyggeri og for nybygg. I alt har dei bygt 198 båtar. Skyssbåtar for heile distriktet og mange skøyter. Men i slutten av 1980-åra gjorde dei eit bevisst val om å ikkje laga fleire nybygg.

Sjølve prisen vil bli delt ut seinare.

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Marius Pedersen vann Norna-lekene på kna…

22.01.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen, friidrettsgut i rivande utvikling, vann Norna-lekene suverent. Foto: FP-arkiv/Kjetil Rydland. Marius Pedersen vann Norna-lekene på knalltid! Under Norna-lekene i Åsane i helga vann Marius Pedersen både lengde og 60 meter...

Les meir ...

Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal

22.01.2018 Kjetil Rydland

Ailin Vik med premien for årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal 2017. Foto: Ole Vidar Helland, Fitjar Racing Team.  Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal Under årsmøtet til NMK Vikedal i helga blei...

Les meir ...

Full fest med Vassendgutane

21.01.2018 Kjetil Rydland

Vokalist og bassgitarist Sindre Aam var i storform på Fitjar i går kveld. Foto: Kjetil Rydland.  Full fest med Vassendgutane Vassendgutane var i storform i går kveld og trekte heile 750 festglade...

Les meir ...
annonse

Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...

Fine skiløyper, varme pølser og god stem…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.  Fine skiløyper, varme pølser og god stemning Fitjarfjellet lokka med...

Les meir ...

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"