Hrafn Thorsteinsson har vore festivalleiar i to år. No vonar han at andre vil ta over. Arkivfoto: HCH/FP

Fitjarfestivalen treng ny leiar

Fitjar Festivalforeining hadde årsmøte i går, kor rekneskap, årsmelding og revisjonsberetning for 2017 vart godkjent, og  budsjett for neste års festival fastsett.  Men dei manglar ny leiar.

– Valkomiteen har gjort ein kjempejobb og har sett saman eit styre beståande av svært flinke folk. Dei hadde diverre ikkje fått nokon til å ta på seg vervet som styreleiar i Fitjar Festivalforeining. Dette vervet skal veljast på årsmøte, slik at me må kalla inn til nytt ekstraordinært årsmøte tysdag 9. januar 2018, skriv avtroppande leiar Hrafn Thorsteinsson i ei melding til fitjarposten.no.

Som leiar dei to siste åra, synest han det er beklageleg at dette ikkje kom på plass i går, då det er viktig å setja i gang planlegging av neste års festival. No oppmodar han eigarane av festivalen, samt alle privatpersonar, lag/organisasjonar og næringsdrivande i Fitjar som er opptekne av bygda, bygda sin identitet og som ynskjer at Festivalen blir vidareført, til å stilla på det ekstraordinære årsmøtet i januar.

 Solid økonomi
– Festivalen har solid økonomi og er godt innarbeida, men ein må ha eit komplett styre dersom arbeidet med neste års festival skal kunne starta. Eg trur Fitjarfestivalen fort kan tapa terreng i konkurranse med andre festivalar/arrangement i distriktet dersom ein ikkje klarar å få til vidareføring av det gode arbeidet som er lagt ned over mange år, skriv han vidare.

Det ekstraordinære årsmøtet i Fitjar Festivalforeining vil altså finna stad på Fitjar Fjordhotell tirsdag 9. januar 2018, klokka 19:00.

Saklista då vert:

 Val 

-           Styreleiar

-          Styre

-          Valkomite

-          Revisor