Det vart bra med folk i sentrum etter kvart. Foto: Håkon C. Hartvedt

Auka på etter kvart

Striregn og haglebygar gjorde nok sitt til at det tok litt tid før folk trekte mot sentrum i går, men etter kvart vart det full parkeringsplass framfor Rådhuset - og mykje folk i butikkane.

Då Fitjar Skulekorps skulle rigga seg opp for å spela utanfor Varehuset Rydland i 15-tida, kom det ei så ofseleg vindråse at notestativa gjekk overende. Det hindra likevel ikkje tøffe korpsmusikantar å koma med instrument og julestemning - og snart tona dei kjende og kjære juletonane ut i ein heller grå ettermiddag.

 

Notestativa til korpset stod klare utanfor Rydland. Ein vindråse fekk dei til å deisa overende.... Foto: Kitty Træet

... det stoppa likevel ikkje korpset. Foto: Håkon C. Hartvedt

Då fakkeltoget drog frå sentrum til sjukeheimen ein liten time seinare var vèret mykje betre, og det var ein fint tog med store og små som tok av i 16-tida. 

Ole Kristian Oma og Tord Brekke med brennande faklar. Foto: Håkon C. Hartvedt

Kjkt med fakkeltog for store og små. Foto: Håkon C. Hartvedt

Årets juletre er gjerne ikkje det største me har sett, men det er vakkert pynta og vitnar tydeleg der det står om at jula så absolutt nærmar seg - med lys og varme midt i mørketida.

Frelsessoldat Terje Koløen stod med julegryta hos Spar Fitjar og kunne gle seg over stor gjevarglede. Foto: Håkon C. Hartvedt