Liv Berit Braathen gjekk på skulen i Sælevik i sin barndom, men det er ikkje kvar dag ho treffer på Elise Aarbø. Foto: Kjetil Rydland.

Gjensynsglede på julemesse

Utflytta og innflytta dåfjordingar nytta søndagen til ein god prat over middagsbordet under den årlege julemessa på Selevik skule.

 

I sterk konkurranse med TV-sport på ymse kanalar blei den årlege julemessa på Selevik skule avvikla i dag. Det kunne sjå ut som om tilstrøyminga var noko mindre enn det me har sett før. Men dei som kom, fekk eit kjærkome høve til å helsa på både fastbuande og tilreisande med ulik tilknyting til krinsen. 


Blant dei tilreisande som såg ut til å ha ein god dag på skulen i dag, var Liv Berit Braathen. Ho fortel at ho vaks opp i området, og gjekk på Sælevik skule i sin barndom. No begynner det å bli ein del år sidan, og ho er busett i Bergen. I mange år arbeidde Liv Berit for Statoil og andre oljeselskap, og ho var blant anna i Hammerfest i fem år, under utbygginga av Snøhvit.


Men ho har ikkje gløymt sin barndoms dal, og slett ikkje stien nordover til Hermannsplass, der ho vaks opp. – Her kjenner eg kvar stein, seier ho og smiler. I dag har ho med seg barnebarnet Agnete og fleire nære slektningar frå den gamle heimstaden nordmed landet, eit lite stykke nord for Sælevik. Og gjensynsgleda er stor då ho møter på Elise Aarbø ved middagsbordet. 

 
Som vanleg under desse julemessene vanka det middagsmat og kaker, og praten gjekk livleg rundt borda. Ein som ikkje klaga over omsetnaden, var Onar Westerheim, som selde eigenprodusert honning frå Prestbø og frå Dåfjorden. Men så var han åleine om å selja honning. Litt verre var det sikkert for dei som selde strikketøy, for på det området var konkurransen sterk.


Men dei som selde middag, og kaffi og kaker, hadde nok ingen grunn til å klaga. Og klaga gjorde iallfall ikkje dei som kjøpte mat og fekk seg ein god drøs i det vesle klasserommet. 

 


Birøktar Onar Westerheim med honning frå Dåfjorden og Prestbø. Foto: Kjetil Rydland.


Martin Nygård er ein gamal ringrev på julemesser, og var sjølvsagt på plass med juletrepynt i topp kvalitet. Foto: Kjetil Rydland.


Kjersti Søvde frå Stord var på plass med strikka produkt. Foto: Kjetil Rydland.


Eli Lie Heggøy var som vanleg på plass med julekjeks og bunadsbelte og brystdukar. Foto: Kjetil Rydland. 


Else Wåge med ymse strikka produkt. Tøflar i større nummer enn 45 er bestillingsvare, etter det me forstår. Foto: Kjetil Rydland.


Middagen til Doris E. Westerheim fekk bein å gå på. Foto: Kjetil Rydland.