Nina Aarbø t.v. imponerer stadig i lange løp. Arkivfoto Fitjarposten/KR. 

Nina Aarbø med ny pers på halvmaraton

I går sprang Nina Aarbø halvmaraton i Bergen, og passerte målstreken på Fana Stadion på ny, sterk bestenotering.


Nina sprang i går inn til tida 1.32,35 i Fana, melder Bård Inge Bø. Dette er 1 minutt og 10 sekund betre enn den førre bestenoteringa hennar.   

 

Tida heldt til 2.-plass i klassen kvinner 23-34, bak Henriette Albon frå Bergen, som fekk tida 1.30,05.

 

Den spreke jenta frå Årbø har likevel litt igjen til beste Fitjar-prestasjon på halvmaraton for menn. Den er, så langt statistikkutvalet i Fitjar-friidretten kan sjå, Magne Skumsnes sitt løp på 1.17,29 så langt tilbake som i 1988.

 

Roar Pedersen tok eit roleg løp etter ein periode med skadetrøbbel. Han cruisa inn til 9.-plass på halvmaraton i klassen for menn 40-44 år på tida 1.59,03. 

 

Resultat frå Hans Jacobs minneløp i Bergen, det 6. løpet i Maratonkarusellen kan du lesa på EQ Timing