Harald Johan Sandvik og Håkon C. Hartvedt med den nye boka om Isak Koløen. Brørne Tor, Kjell og Klement Koløen var med på lanseringa hos Larsen i dag. Foto: Kjetil Rydland. 

Lanserte viktig bok om lokalhistorie

I dag var det lansering av den nye boka om trelastfirmaet Isak Koløen, eit firma som i 50 år var blant dei største arbeidsgivarane i Fitjar.


Redaktøren i Fitjarposten, Håkon Hartvedt, og medforfattar Harald Johan Sandvik har hatt det travelt i haust. Derfor hadde dei det ekstra kjekt i dag då dei kunne samla dei tre eldste Koløen-brørne til lansering av boka "Firmaet som sette Koløyo på kartet". 


Me som har levd ei stund, og hugsar grunnleggjaren Isak Koløen, veit at det var ein stor prestasjon å etablera trelastfirmaet som eit av dei største i sitt slag på heile Vestlandet. Det var såleis ein stor dag for brørne Klement, Kjell og Tor då dei i dag kunne presentera historia si mellom to permar. Svein Koløen hadde diverre ikkje høve til å vera med. 

 
Den store omsetnaden blei det ikkje under lanseringa, sjølv om Jim Reeves gjorde sitt beste med vakre julesongar i bakgrunnen. Men redaktør Hartvedt seier seg rimeleg fornøgd med eit sal på rundt 30 bøker første dagen.


Etter eit par timar utanfor MX Sport hos Larsen bar det opp til Joker Rydland, eller Filialen, som det heiter i daglegtalen. Då er du straks eit lite stykke nærmare "røtene" til firmaet frå Koløyo, og ein del tilårskomne bygdefolk møtte fram for å sikra seg den nye boka, signert av forfattarane. 

 
Me minner om at boka vil bli presentert hos Thea Træet i morgon mellom klokka 14.00 og 16.00. Om du ikkje har høve til å sikra deg boka i morgon heller, kan du kjøpa henne seinare, anten på Thea Træet, Joker Rydland eller på ein av bokhandlane på Stord. 

 


På Filialen kom Synnøve Rydland og sikra seg ei bok, ho er dotter til Tørris Koløen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Den gamle Koløy-arbeidaren Gunnar Aarbø viser biletet av "Larsahøvelen", den første store maskinen dei fekk i Koløyo. Foto: Kjetil Rydland.