Laurdag 20. Januar 2018



Håkon Hovstad ber quizmeister Arne Raunholm om å kontrolltelja, men han har ingen grunn til å vera uroleg, i går var han og laget hans heilt suverene. Foto: Kjetil Rydland. 

Suveren quiz-siger til Hanen og Hønene

Årets siste quiz blei ein parademarsj for Hanen og Hønene, som vann med større margin enn nokon gong.

 

Fredag kveld blei sesongens siste quiz på Fitjar Fjordhotell avvikla med Arne Raunholm som quizmeister. Etter at dei har blitt slegne med knapp margin to gonger i haust, er Hanen og Hønene igjen på plass på vaglet der dei høyrer heime. 


Sjeldan eller aldri har ein quiz på Fitjar Fjordhotell blitt vunnen i så suveren stil som denne gongen. Dei driftige eggprodusentane på Hogste var best i alle disiplinar. Men sigeren blei ekstra klår på grunn av nye vrien med musikkspørsmål under gårsdagens quiz. Det blei spela av to bolkar med musikk, ein bolk med nyare musikk og ein bolk med litt eldre musikk.


Team Siglo hadde ikkje ungdommar på laget, og var totalt sjanselause. Dei blei òg slegne av eit anna ovbygdarlag, som tydelegvis hadde betre kontroll på nyare populærmusikk. Men siglarane kan takka seg sjølve for at avstanden fra til dei beste blei så stor. Dei bomma på dei enklaste spørsmål, som kva ordet "advent" tyder, eller kven som har namnedag på julaftan (Adam og Eva). Derfor høyrde med lite klaging frå sigersvane siglarar denne gongen, det var tydeleg at dei innsåg at dei hadde tapt for betre motstandarar. 

 
Under gårsdagens quiz fekk me eit spørsmål som fortener ein ekstra kommentar: – Kva skjedde litlajulafto 1969, som fekk veldig mykje å seia for utviklinga i landet vårt? Dei fleste visste at det var då den første olja på Ekofisk blei funnen, og at det blei innleiinga på oljealderen i Noreg. Og me har gjerne lett for å hekta på: "Det første oljefunnet på norsk kontinentalsokkel". 

 
Første del av svaret er heilt rett, Ekofisk-olja blei funnen i 1969, og feltet blei den første store mjølkekua for den norske stat i Nordsjøen. Men dette var ikkje det første oljefunnet på norsk sokkel. Det var Balder, som blei oppdaga i 1967. Men det blei ikkje rekna som drivverdig frå byrjinga. Og det blei ikkje bygt ut før på 1990-talet, og kom ikkje i produksjon før i 1999. Det høyrer med til soga at utbygginga ikkje gjekk heilt på skjener, og vonde tunger kalla det ei tid for "Rabalder". 

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...
annonse
annonse

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholm…

15.01.2018 Jonas Sætre

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholmen innan fristen Sjølv om leigeforholdet med Fitjar kommune gjekk ut ved nyttår har dei frivillige endå ikkje rydda ut av den kulturhistoriske eigedomen.

Les meir ...

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...