Torsdag 22. Februar 2018



Stein Helge Simonsen og Jonny Kjærland på toppen av Fossabrekko. Foto: Kjetil Rydland.

Gamle kjenningar i nytt løp opp Fossabrekko

Den gamle kjenningen Harald Kårbø frå Stord IL gjekk heilt til topps under det første «iDrift Challenge Fossabrekko Opp», som blei avvikla i strålande sol laurdag føremiddag. Dameklassen blei vunnen av ein annan kjenning frå Midtfjellet, Marita Nygård frå Tysnes.

 

Då det nærma seg start i den store styrkeprøven opp Fossabrekko, drog skyene seg til sides, og sola skein til ære for dei mjølkesyresprengde atletane. Me fekk favorittsigrar i både dame- og herreklassen, 5,24 av Harald Kårbø er ei svært imponerande tid. Men han lovar at til neste år skal han under 5 minutt. Det skal vera litt lettare no når han kjenner løypa, meiner han. 

 


Den suverene vinnaren i herreklassen, Harald Kårbø, gjer seg kjend med løypa. Foto: Kjetil Rydland.

– La oss seia 4,59! seier han og smiler. Og legg til at han er baneløpar og ikkje motbakkeløpar. Hovudmålet hans til neste år er EM på 3000 meter hinder, der han vil inn blant dei 10 beste. 

 

Damevinnar Marita Nygård, frå Opptur Motbakkeklubb, derimot, er motbakkeløpar, og ho tok dagens løp som oppkøyring til Stoltzekleiven rundt neste helg.



Stein Helge Simonsen i fin stil opp Fossabrekko. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar var ikkje representert heilt i toppen i dette løpet, men to av dei beste syklistane våre imponerte med sterke tider. Jonny Kjærland kom inn på 21.-plass med tida 7,27, og slo med det sykkelkollega Dag Foseid frå Stord med eitt sekund. Fullt så heldig var ikkje den andre syklisten vår, Stein Helge Simonsen. Men han var ikkje langt bak, 7,38 heldt til delt 27.-plass. Begge seier seg strålande fornøgde med dagens styrkeprøve.


Håvard Skålevik frå iDrift trassar mjølkesyra og nærmar seg mål. Foto: Kjetil Rydland.

 

Elles la me merke til Håvard Skålevik, som sprang for arrangøren iDrift. 9,53 er ei imponerande tid i den bratte sherpatrappa. Me let oss og imponera av ein del ungar som fullførte i fin stil, blant andre Live Kyvik, som kom inn på 12,54. Og ikkje minst av veteranen Øystein Eide Eskeland, som fullførte i fin stil på tida 10,46.

 


Kjensfolk i Fossabrekko. Eli Rimmereid Rørvik med to aktive deltakarar, Espen t.v. og Live Kyvik. Foto: Kjetil Rydland.

 

Me gratulerer dei lokale heltane våre, vinnarane og dei ivrige arrangørane i Stord IL med eit flott arrangement. Og vonar det blir like fint vêr neste år. 


Resultatliste frå «iDrift Challenge Fossabrekko Opp» 2017: 

1. Harald Kårbø (Stord IL) 5.24
2. Thomas Finshus (Stegaberg IL) 5.41
3. Geir Storetvedt Skaten (Gular IL) 6.02
4. Kim Laitinen (Voss IL) 6.21
5. Vegard Havn (Stord IL) 6.29
6. John Tislevoll Almås 6.30
7. Magnus Ilstad Svandal 6.37
8. Alexander Horneland (Stord IL) 6.41
9. Nikola Perkovic (ABB/Bigos Amigos) 6.50
10.Anders Hundeide Magnussen (Onarheim IL) 6.52
11.Marita Nygård (Opptur Motbakkeklubb) 7.03
12.Tor Øyvin Grov 7.03
13.Alf Kvarme 7.05
14.Erlend Kringeland (Stord IL) 7.05
15.Alexander Kvarven 7.18
16.Bjørn Tranøy 7.18
17.Samund Nordang (iDrift) 7.19
18.Terje Røssland Nes (Trio IL) 7.20
19.Espen Kyvik 7.24
20.Fred Andersen 7.27
21.Jonny Kjærland (Stord IL) 7.27
22.Dag Foseid (Stord Sykleklubb) 7.28
23.Kristoffer Henriksen 7.37
24.Vegard Hundeide Magnussen (Onarheim IL) 7.38
25.Kjell Inge Engevik (Stord IL) 7.38
26.Eirik Antonsen 7.38
27.Stein Simonsen (Stord Sykleklubb) 7.38
27.Kjetil Eriksen (Stord Sykleklubb) 7.38
29.Anders Raunholm (TTF) 7.46
30.Bjørnar Hella (TTF) 7.47
31.Mary Grace Ochavillo Perequite 8.12
32.Frode Thorbjørnsen (Stord IL) 8.14
33.Simen Thorbjørnsen (Stord IL) 8.21
34.Tor Taraldsøy (Moster IL) 8.21
35.Andreas Westerheim 8.22
36.Ole Raunholm (Stord Sykleklubb) 8.26
37.Egil Veka 8.47
38.Mette Rydjord 8.47
39.Erik Hunhammer (iDrift AS) 8.48
40.Magne Hatlevik 8.55
41.Bashkim Misini 8.55
42.Stein Høyland 8.57
43.Asgeir Andersen (Knutsen OAS Shipping) 9.02
44.Edvald Raunholm (Stord IL) 9.09
45.Endre Notland (iDrift) 9.09
46.Marianne Grov 9.18
47.Andreas Kringeland (Stord IL) 9.20
48.Arild Lunde 9.23
49.Egil Kvarven (Stord Sykleklubb) 9.27
50.Susanne Aa. Nesse 9.38
51.Steinar Austefjord (IL Solid) 9.45
52.Ronny Kringeland (Stord IL) 9.49
53.Daniel Huse 9.49
54.Håvard Skålevik (iDrift) 9.53
55.Mikal Bjørkelund Notland 10.01
56.Torhild Taraldsøy (Stord IL) 10.02
57.SveinNipen 10.12
58.Marian Kopecky (ABB/Stord Bil) 10.21
59.Øystein Eide Eskeland (Stord IL) 10.46
60.Åshild Tonning (Stord IL) 10.59
61.Matias Rygg Tonning (Stord IL) 11.06
62.Isabell Polden Andersen 11.14
63.Styrk Austefjord Idrettslaget (IL Solid) 11.27
64.Saga Emilie Rygg Tonning (Stord IL) 11.59
65.Ella Lone 12.08
66.Live Kyvik 12.54
67.Nils Magne Blålid 12.56
68.Marius Alsaker (iDrift AS) 13.21
69.Line Erichsen 14.16
70.Espen Lone 18.26
71.Kristian Nesse Alsaker (Ingen tid)
72.Eirik Lone (Ingen tid)

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Kakefeiring med bismak på Joker

20.02.2018 Kjetil Rydland

Magne Skumsnes spanderer kake på kundane i høve 21-årsjubileet i dag. Foto: Kjetil Rydland. Kakefeiring med bismak på Joker I  dag feirar Filialen daglegvarer 21 år, og butikkeigar Magne Skumsnes spanderer marsipankake...

Les meir ...

4H skal vera synlege!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Jens Håkon Birkeland, nyvald leiar i 4H Hordaland. Foto: privat. 4H skal vera synlege! Sist helg var det årsmøte i 4H Hordaland. Over 150 ungdommar i salen og kø på talarstolen lovar...

Les meir ...

Ta opp hundeskiten!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Ta opp hundeskiten! Frå ein hundeeigar som tenkjer på andre har me fått ein klage på respektlause hundeeigarar i Rossneset.

Les meir ...
annonse

Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til t…

18.02.2018 Kjetil Rydland

Turid Bakke Braut vitjar Fitjar kyrkje denne veka.  Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til temakveld i Fitjar kyrkje Både mor og dotter har hatt mykje av oppveksten på Stord. Mange vil...

Les meir ...

God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


OL-gull nesten til Fitjar!

21.02.2018 Kjetil Rydland

Sindre Henriksen ser at lagkameratane hans går inn til gull i lagtempo i dag. (Skjermdump Eurosport) OL-gull nesten til Fitjar! Under dagens i OL-lagtempo på skeiser i Pyeongchang gleid det norske laget...

Les meir ...