Torsdag 22. Februar 2018



Frå Open dag på brannstasjonen i Årskog i fjor. Arkivfoto: FP/KR.

Open dag på brannstasjonen

 

Førstkomande laurdag vert det open dag på Fitjar brannstasjon i Årskog; folk frå Fitjar Kraftlag vert òg med.


Tre av fire familiar har aldri hatt brannøving heime, ifølge ei ny undersøking. Branntryggleik i heimen er hovudtema når brannvesen over hele landet inviterer til Open brannstasjon under Brannvernveka laurdag 23. september.


Brannøving i heimen er viktig!

Medan berre ein av fire har hatt brannøving heime (26 %), seier fleire at dei i det minste har snakka om kva dei skal gjere i tilfelle brann (64 %), ifølgje undersøkinga som Kantar TNS nyleg har utført for Norsk brannvernforening, DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) og forsikringsselskapet If.

– Det uroar oss veldig at så mange ikkje har trena på kva ein skal gjere ved brann. Det er for seint å oppdage at teori og praksis ikkje stemmer overeins når kjøkenet eller stova står i full fyr. Eit lite branntilløp utviklar seg raskt til full overtenning, så her må alle handla riktig frå første stund, seier konserndirektør Morten Thorsrud i If.

 

Få avtalar møtestad 

Berre ti prosent av husstandar med to eller fleire personar har avtalt møtestad utandørs i tilfelle brann, ifølgje spørjeundersøkinga. Dette skremmer brannvesenet:

– Ved brann blir det fort kaotisk, og det er lett å komme bort frå kvarandre. For oss i brannvesenet er det eit skrekkscenario at folk spring tilbake inn i brennande hus for å leite etter familiemedlemmar som kanskje har kome seg ut andre vegar. Derfor er det å avtale ein fast møtestad utanfor bustaden noko av det enklaste og viktigaste ein kan gjere, seier Tore Nesbø i Fitjar brannvesen. 

 

 

Opne brannstasjonar

På rundt 350 stadar over heile landet inviterer brannvesenet til Open brannstasjon. Dette er lagt opp som ein familieaktivitet, der barn og vaksne får opplæring i korleis ein kan sikre heimen mot brann. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og brannbilar er noko av det ein får oppleva. 

– Open brannstasjon har blitt en fin tradisjon som gir oss eit unikt høve til å formidle brannførebyggjande bodskap til eit interessert publikum. Vi gleder oss, og håper mange kjem på besøk, seier Tore Nesbø.

Brannvernveka vert arrangert av Norsk brannvernforening, DSB og If Skadeforsikring i samarbeid med brannvesenet. Mange stader deltek også lokale If-kontor, Det lokale el-tilsyn, Sivilforsvaret, politiet og ambulansetenesta.

Fitjar brannvesen står for gjennomføringa av arrangementet, saman med Fitjar Kraftlag og Sun elsikkerhet med fokus på brannar som har elektrisk årska. Me inviterer til open dag på brannstasjonen i Årskog laurdag 23. september frå klokka 11.00 til 14.00.  

Oversikt over andre brannvesen som inviterer til open brannstasjon, finst på nettstaden www.brannvernuka.no. Der er det også fylkesvise lister over alle verksemder og husstandar som deltek i Nasjonal brannøving.

 

 

 

 

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Kakefeiring med bismak på Joker

20.02.2018 Kjetil Rydland

Magne Skumsnes spanderer kake på kundane i høve 21-årsjubileet i dag. Foto: Kjetil Rydland. Kakefeiring med bismak på Joker I  dag feirar Filialen daglegvarer 21 år, og butikkeigar Magne Skumsnes spanderer marsipankake...

Les meir ...

4H skal vera synlege!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Jens Håkon Birkeland, nyvald leiar i 4H Hordaland. Foto: privat. 4H skal vera synlege! Sist helg var det årsmøte i 4H Hordaland. Over 150 ungdommar i salen og kø på talarstolen lovar...

Les meir ...

Ta opp hundeskiten!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Ta opp hundeskiten! Frå ein hundeeigar som tenkjer på andre har me fått ein klage på respektlause hundeeigarar i Rossneset.

Les meir ...
annonse

Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til t…

18.02.2018 Kjetil Rydland

Turid Bakke Braut vitjar Fitjar kyrkje denne veka.  Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til temakveld i Fitjar kyrkje Både mor og dotter har hatt mykje av oppveksten på Stord. Mange vil...

Les meir ...

God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


OL-gull nesten til Fitjar!

21.02.2018 Kjetil Rydland

Sindre Henriksen ser at lagkameratane hans går inn til gull i lagtempo i dag. (Skjermdump Eurosport) OL-gull nesten til Fitjar! Under dagens i OL-lagtempo på skeiser i Pyeongchang gleid det norske laget...

Les meir ...