Sundag 22. Oktober 2017



Pigghå kan me kalla denne makrellen, meiner Susan Mathisen frå Selevik skule. Foto: Kjetil Rydland.

Melding om fiske frå Selevik skule

I går hadde Selevik skule fiskedag, og me kunne slå fast at fangstane var gode, det same var engasjementet frå elevar og lærarar. 

 

Måndag føremiddag blei elevar og lærarar ved Selevik skule velsigna med eit eineståande, mildt haustvêr då dei drog ut til fiskerihamna til Onar Westerheim. Her har skulen i mange år skipa til fiskedagar for elevane, og tradisjonen blei ikkje broten då rektor Onar gjekk av med pensjon for nokre år sidan.


I går var det elevane i 2. til 5. klasse som fekk gleda av å vera med den tidlegare rektoren på fiske. Tysdag blir det 1. klasse sin tur, saman med fadrane sine frå 6. og 7. klasse.

 
Onar Westerheim hadde sett ut både garn og krabbeteiner som hadde stått ute over natta, då elevane kom ut til fiskerihamna saman med lærarne sine, Vilhelm Sjølvold, Sølvi Aadland, Steinar Halland og rektor Elisabeth Kjærland. Det viste seg snart av det var bra med fisk i garna, og i teinene var det ni krabbar.

 
Krabbane måtte opp i den kokande gryta, og blei til lunsj for svoltne elevar og lærarar. Det same blei den fine fisken, som blei filetert, salta og krydra og grilla i strandkanten. Heldigvis kom ikkje floda og sløkte bålet under grillen. Elevane fekk vera med og laga til maten, før det blei lunsjpause.

 
Elevane blei som vanleg delte inn i grupper, og oppgåvene gjekk på omgang. I tillegg til matlagingsgruppa var det ei gruppe som var ute og fiska, i to båtar, høvesvis med Onar Westerheim og lærar Vilhelm Sjøvold.

– Det er ikkje noko problem å få fisk, seier Onar Westerheim, eg er nesten sikker på å få noko når eg dreg ut på sjøen.

 
I dag var ikkje noko unnatak. Makrellen såg ut til å bita bra, og det var nok av fisk på garna. Ei tredje gruppe dreiv med stintefiske, og konkurrerte om den minste fisken, den største fisken og flest fisk. 

 
Etter det me kunne sjå, engasjerte elevane seg sterkt både i stintefisket og i fisket av matfisk. Og den grilla fisken gjekk ned på høgkant. Enkelte fekk òg med seg fisk heim – det er kjekt å sjå at skulen er med på å læra ungdommen ungdommane å lika fisk. 

 
Måtte berre tysdagen òg by på like godt og lagleg vêr for dei som skal ut på fiskefelta.

 

Onar Westerheim kjem inn frå fiskefeltet med fangsten, saman med Maya Groot Hjøllo, Arild Hairi og Eben Gurang. Foto: Kjetil Rydland.

 


Onar Westerheim hjelper Maya Groot Hjøllo å dra om bord ein makrell. I bakgrunen ser me eit oppdrettsanlegg i Aga. Foto: Kjetil Rydland.

 


Fiskaren Vilhelm K. Sjøvold i båten saman med Andrea Våge Helland, Allexandra Gurang og Joakim Knapstad Bakke. Foto: Kjetil Rydland.

 


Smør og krydder må til før fisken blir steikt. Foto: Kjetil Rydland.

 


Hallvard Øvrevik Skartland saltar fisken. Foto: Kjetil Rydland.

 


Rektor Elisabeth Kjærland steiker fisken. Foto: Kjetil Rydland.

 


Fisk til lunsj, rundt bordet: Steinar Halland, Eben Gurang, Susan Mathisen, Andrea Våge Helland, rektor Elisabeth Kjærland, Joakim Knapstad Bakke, Elise Sundal og Alise Raudova. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Stintefiske; f.v. Lukas Rosnes, lærar Steinar Halland og Anna Greta Korbanova. Foto: Kjetil Rydland.



Stintefiskarar på kaien: Lukas Rosnes, anna Grete Korbanova og Amilie Helland. Foto: Kjetil Rydland.



Stintefiskarane fekk fleire fine berggylter. Foto: Kjetil Rydland. 



Denne vesle krabben overlevde dagen, men så vel gjekk det ikkje med dei ni krabbane som blei til lunsj for svoltne lærarar og elevar. Foto: Kjetil Rydland.

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Temakveld om misjonærane Arne og Dorthea…

21.10.2017 Håkon C

Fred Ola Bjørnstad og Johanne Øvstebø Tvedten får du både sjå og høyra i Fitjar kyrkje på torsdag. I tillegg  vert det orgelmusikk av organist Ole Jørgen Furdal.  
Temakveld om misjonærane...

Les meir ...

Få med deg meteorsvermen i helga!

20.10.2017 Kjetil Rydland

Orionide-meteor fotografert i 2008. Foto: Brocken Inaglory / Wikipedia Få med deg meteorsvermen i helga! Komande helg er beste tidspunktet for å sjå meteorsvermen Orionidane i 2017. Meteorane fra denne svermen er...

Les meir ...

Kveldaseta gav viktig bidrag til UNICEF

19.10.2017 Kjetil Rydland

Julian Helland og Felix Joelsson heldt ein flott appell ved opninga av kveldaseta. Foto: Kjetil Rydland. Kveldaseta med viktig bidrag til UNICEF Ovbygdarane slutta godt opp om kveldaseta i kveld, og var såleis...

Les meir ...
annonse
annonse

Dagens fugl: Steinskvett

19.10.2017 Kjetil Rydland

På ein stein i Småliane sat denne steinskvetten i går. Foto: Kjetil Rydland. Dagens fugl: Steinskvett På tur oppover Småliane i går var det einaste turfølgjet ein 25 grams trekkfugl som heiter...

Les meir ...

Friidrettsavslutning

18.10.2017 Kjetil Rydland

Friidrettsungdommane våre med premiar etter sesongavslutninga i går.  Friidrettsavslutning I går hadde rundt 50 friidrettsutøvarar si første innandørsavslutning i haust, og den eldste halvparten markerte avslutninga på utandørssesongen. 

Les meir ...

Mange nesten-ulykker grunna manglande re…

18.10.2017 Håkon C

– Ikkje gløym å ta ta på deg refleks når du går ut i vintermørket, oppmodar Trygg Trafikk.  Foto: Morten Brakestad Mange nesten-ulykker grunna manglande refleksbruk Dette er ein årleg gjengangar, men...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Berga plassen i 5. divisjon!

21.10.2017 Kjetil Rydland

 Så kjekt er det å berga plassen i divisjonen, synest reservekeeper og hjelpetrenar Trond Henriksen. Foto: Kjetil Rydland.  Berga plassen i 5. divisjon! A-laget til Fitjar sikra seg ny kontrakt i 5...

Les meir ...