Sundag 21. Januar 2018


Fitjarungdommar i krinskamp

Denne helga var det krinskamp i friidrett mellom Agder-fylka, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, med tre ungdommar frå Fitjar i fremste rekkje.


Fitjar hadde tre utøvarar som var kvalifiserte til å delta i denne krinskampen, som blei utkjempa under Lerøy-lekene på Osterøy, melder trenar Bård Inge Bø. Clara Wohlrab (14), Anna Sandvik Bø (13) og Marius Torbjørnsen (14) var med på å sikra Hordaland ein klar siger i samandraget.

Resultat- og plasseringsmessig oppnådde Clara og Anna kvar sine 4.-plassar. Anna både på 60 meter hekk (10,74) og 200 meter hekk (34,52). Den siste tida er personleg rekord. Clara svinga seg over 1,36 i høgde.

Marius fekk sine beste plasseringar med 9.-plassar både i høgde på 1,46 og i tresteg, der han oppnådde 9,59. Begge resultata er rett bak dei personlege rekordane hans.

Elles hoppa Anna Sandvik Bø 1,36 i høgde, noko som gav 7.-plass. Og i lengde fekk ho opp 3,98, som gav 13.-plass. Clara Wohlrab strekte seg til 4,27 i lengde og ein 8-.plass. Marius oppnådde 4,21 i lengde; det resulterte i 13.-plass.

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...
annonse
annonse

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...